
Mjølkemangel: Kva var det vi sa?
Eg har krumma nakken, smilt, og gått i fjøset. Og vore stolt Tine-eigar. Stolt over at butikkhyllene er fylt av meieriprodukt frå norske mjølkebønder. Merka Nyt Norge.
Ytring skrive av mjølkebonde Silje Åsnes Skarstein i Olden i Vestland.
Ytringa gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Well, those days are over!
No, no har Tine, etter å ha gambla i årevis på at bonden er ein stolt tosk som alltid vil produsere det han får beskjed om, når beskjeden kjem, feila. Tine har altfor lenge ignorert den økonomiske situasjonen til eigarane. For dessverre er det slik at vi som eig Tine har blitt behandla som trælar. Og det verste av alt; vi har latt oss bli det, utan protestar. Vi har bukka og nikka og tatt til takke med dei få øra vi har fått i auka målpris.
«Vi har ikkje protestert, vi har nikka og
krumma nakken og tenkt på konsernet vårt.»
Silje Skarstein
Vi har ikkje protestert, vi har nikka og krumma nakken og tenkt på konsernet vårt. Tenkt på kor viktig det er med volum, vi må for all del ikkje misse volumsalet vårt!
Så kom bondeopprøret. Vi vart gjort obs på at det var ikkje berre her på garden vi kjende på manglande lønsemd. Det var over heile landet. Mjølkeprodusentar følte seg makteslause og såg korleis kostnadane steig og inntekta sto stille, og vi begynte å rope varsku til Tine over situasjonen til norske stolte Tineeigarar.
Men vi har ropt til ingen nytte. Ingen av dei med sentrale verv i Tine har lytta til oss. Vi har blitt ignorert, berre fått bortforklaringar om at skal vi ha meir pengar sluttar kunden å handle og vi misser volum. Og no, no ser vi dessverre konsekvensane av manglande forståing.
«Vi har mista volum som frykta,
men vi har mista heilt feil volum.»
Silje Skarstein
Tine har for lite mjølk. Vi har mista volum som frykta, men heilt feil volum. Vi har mista mjølkeprodusentar, ikkje kundar som kjøper produkta. Det vi på fjøsgolvet har prøvd å gi beskjed om har skjedd, volumet stuper og no er vi der at vi har for lite mjølk!
Vi skulle jo tru at i Tine i ein slik situasjon ville auke prisen til bonden for å stimulere til meir produksjon. Men nei då, det er ikkje aktuelt. Løysinga for Tine er å satse på import! Vi skal importere mjølkepulver, stappe det inn i norske produkt, MED nyt Norge logo på!
«Vi skal importere mjølkepulver, stappe
det inn i norske produkt, MED Nyt Norge logo på!»
Silje Skarstein
Får sikkert lov å ha på nyt Norge på dei produkta òg, for det er visst ikkje så nøye lenger, kvar råvara kjem frå, så lenge Tine konsernet går i pluss.
PS: Ikkje kom og skyld på sommaren som årsak. Det var verre i 2018 og då vart det overproduksjon med mjølk!

Nyt Norge skal gjere det enkelt å velje norsk. No har Stiftelsen NorskMat gitt Tine dispensasjon til å bruke importert mjølkepulver i Tine-yoghurten, merka med Nyt Norge.