• Praktbygningen står, slik den har gjort sidan starten. Fortsatt i bruk, med klasserom og kantine.

 

Dei er i ein spanande fase på landbruksskulen på Holt. Skal dei få nytt fjøs, eller skal det gamle restaurerast?

 

Jane Brit Sande

 

Fylkeskommunen har vedtatt at det skal byggast ny skule på Mjåvann i Tvedestrand, men gardsbruket på Holt vil bestå som et øvingsområde for Naturbruk, vg1 vg2 og vg3. Skulen på Mjåvann skal stå klar om fire år. Fjøsplanane skal vere fullførte til skulestart hausten 2016, og no går avdelingsleiar Kjell Rune Holt berre og ventar på avgjersla.

– Me reknar med eit endeleg svar no før sommaren, fortel han.

Kjært born har mange namn, og Holt er ikkje eit unntak. Holt landbruksskule vart til Holt vidaregåande skule, før skulen seinare vart slått saman med Tvedestrand Vidaregåande skule. Sju år seinare vart skulen slått saman med Åmli vidaregåande skule, som ein felles administrativ einhet, og fekk felles namn: Tvedestrand og Åmli vidaregåande skule. I tillegg til avdelinga på Holt, har skulen avdelingar på Fiane, Tvedestrand og Åmli, med fleire forskjellige linjefagstilbod. På Holt tilbyr dei Anleggsgartnar, Helse og oppvekst, Naturbruk VG 1, Landbruk og gartnar VG 2, og Landbruk VG 3.

Søknadstal ned – og opp igjen

Det har over lengre tid vore labert med søkarar til avdelinga på Holt. Medan andre landbruksskular får opp søkartala med å tilby hestefag i tillegg, opplev ikkje Holt den store oppgangen med den same strategien. Faktisk, hestefag-tilbodet er tatt vekk. Stallfasilitetane vert nytta av elevar på skulen.

– Men no har me fått ein solid oppsving, til kommande skuleår har me oversøking, fortel Kjell Rune nøgd.

Kjell Rune fortel vidare at han trur det har samanheng med realfagskompetansen Holt tilbyr.

– Me tilbyr ei realfagspakke med dei faga dei treng til veterinærstudiet. Me håpar dette vil gi skulen eit godt løft, me har slitt med å halde gang i agronom-biten, seier han.

– Skulen har eit godt samarbeid med Nome vidaregåande skule i Telemark, både på sensorar, det faglege, og erfaringsutveksling.

På Holt held 110 av dei totalt 400 elevane ved Tvedestrand og Åmli vidaregåande skule til. Rett under 50 av elevane ved Holt høyrer til på Naturbruk, resten høyrer til på Helsefag. I tillegg har skulen om lag 20 elevar som høyrer til studiespesialiserande med kvardagslivtrening.

Tid for nye tider

I fjøset er det plass til 38 mjølkekyr, og kvoten er på 190.000 liter. Skulen har båsfjøs, men oppgradering er vedteke – det er berre den siste avgjersla kring korleis oppgraderinga skal vere, som gjenstår. Kyrne blir avsina før sommaren, og er på beite i om lag tre månadar på sommartid.

– Me startar skuleåret med kalvinga i fjøset. Det engasjerer elevane, og gir dei arbeid tidleg, fortel Kjell Rune.

Det er store planar for gardsbruket på Holt. Sauene, som tel 100 vinterfôra, har no sitt fjøs som ein del av mjølkefjøset. Sauene vil etter kvart få eige fjøs. Grisehuset er frittståande, og det er ikkje planlagt oppgradering av dette bygget i denne omgang.

– Blir det vedteke at det skal byggast nytt fjøs her hjå oss, blir det eit stort bygg, med mjølkeproduksjonen i den eine enden, og sauene i den andre, fortel Kjell Rune.

Skulen har mange bygningar, og det er planar for dei òg. Den gamle fjøsbygningen vurderes restaurert, slik at den kan nyttast som verkstad. Det er planar om ein ridehall. Ikkje etter internasjonale mål, men det er plass til ridehall på skuleområdet.

– Angåande internat, er det ikkje tatt ei avgjersle endå. Forhåpentlegvis blir internatet der det er. Det er ein fordel for elevane her på Holt, med tanke på stell av dyr, seier Kjell Rune.

– Både internat og hybelhus er fullt, og elevane likar seg. Det er eit godt sosialt miljø her på skulen, skryt han.

Skuleslutt og eksamenstid

Det næra seg sommarferie og eksamenstid for elevane på Holt, då Bondevennen var på besøk. I det eine bygget sitt elevar og øver seg på steinlegging. Belegningssteinen skal leggast i rette rader, med to prosent fall.

– Eg øver meg til eksamen, det er om å gjere å legge steinen på best mogleg måte, fortel Kristina Bentsen, elev ved anleggsgartnarlinja.

– Elevane skal gjennom ein fem timars-«minifagprøve» ved eksamen, legg Kjell Rune til.

Skuleområdet ber preg av at elevar får øvd seg på arbeidet gjennom skuleåret. Utføre bygningen der elevane på studiespesialisering med kvardagslivtrening høyrer til, er Jonathan Lee i full sving med belegningssteinen. Oppgåva går ut på å laga til universell utforming langs bygget, slik at rullestolbrukarar får adkomst til hagen.

Agronomelevar

Kvar torsdag reiser dei til skulen i Tvedestrand for teorifaga. Dei trivast best på Holt, og forklarar det med at dei likar best miljøet her. Dei åtte elevane på Landbruk og Gartner VG2 var midt i siste førebuingar til eksamen då Bondevennen banka på døra. Forskjellige elevar med forskjellige utgangspunkt, men ein ting har dei til felles: Dei var interessert i Naturbruk fordi dei er glad i dyr.

– Kvar gong me har kjørt forbi skulen, har eg tenkt at «der vil eg gå», seier Nina Stien.

Ho er frå Froland, og reiser fram og tilbake til skulen kvar dag. Nina fortel at hoer glad i landbruk og dyr. Klassevenninna Sunniva Røysland visste kva ho ville etter vidaregåande, men for å bli sjukepleiar må ein reise frå vidaregåande med studiekompetanse i kofferten.

– Eg ville få studiekompetanse på ein annan måte, og det gjer eg her. Etter VG2 tar eg allmennfagleg påbygg, så er studiekompetansen i boks, fortel ho.

Ib Alexander Thorvaldsen sat, fire dagar før søknadsfristen, med gule lappar framføre seg.

– Eg visste eg ville lære meir om mat, så eg vurderte og hotell-og restaurantfag. Men på Naturbruk får eg òg lære meir om friluft. Etter VG2 går eg allmennfagleg påbygg, seier han.

Joakim Hermansen likar godt stallarbeid. Så godt, at han frå hausten blir elev på Søgne vidaregåande skule, på hestelinja.

– Draumen er å jobbe med trav, både kusk og trenar freistar, avslører han.

Utanlandsbesøk

Holt har ved to anledningar vore på skulebesøk i Tyskland. Anleggsgartnar-elevane har vore på besøk hjå RBZ1 Kiel, som er ein yrkesskule for byggfag, helse og anleggsgartnar. Elevane på landbruksfag ved Holt har vore på besøk hjå LVZ Futterkamp, som er fylkesforsøkssenter for landbruk. Her har dei eit opplegg for lærlingar, der dei har skuleundervisning i periodar.

– Besøka har vore vellykka, og no arbeider me for å få til ein gjenvisitt. Med slike utvekslingsbesøk får me slått saman både språk og kultur, seier Kjell Rune.

 

 

Stikkord denne saka: