Tilstade på LAM2017: Mattilsynet sitt mål for året er å vere meir synleg for bøndene. Guro Myhrene (t.v) og Wenche Sande stod på stand under lammekongressen LAM2017.

Mattilsynet ynskjer betre dialog med bøndene. Målet er å vere meir synlege der bøndene samlast.

Jane Brit Sande

– Det er eit tydelig teikn på endring, og ein ny tanke frå vår side. Det handlar om å vere tilgjengelege der bøndene møtes, seier Guro Myhrene, rådgjevar i Mattilsynet region Sør og Vest.
Synleggjeringa har ei klar føring frå øvste hald i Mattilsynet. Myhrene hadde med seg Wenche Sande og Lena Hollund Surdal på stand under LAM2017.
– Grunnen er at me treng å forstå næringa betre og korleis forvaltinga påverkar bøndene. Dette er to-sidig, og den einaste måten me kan få til dette, er å snakka saman, seier Myhrene.
Erfaringane frå kongressen er positive, og tilbakemeldingane likeså.
– Deltakarane synest det var positivt at me var der, og fleire uttrykte at dei sette pris på det. Bøndene var i godt humør, og det var lett å komma i god prat med dei, fortel Myhrene

God drøs

Litt planlegging i forkant av kongressen, gjorde at Mattilsynet hadde eit godt utgangspunkt for å komma i prat med bøndene.
– Me hadde to innfallsvinklar; den eine var ein quiz, der spørsmåla gjekk på Forskrift om velferd for småfe. Den handlar om tilsyn av dyr, beite, registrering, og så vidare. Det var eit fint utgangspunkt for ein god prat, alle bøndene har sine måtar å løyse utfordringar på. I tillegg hadde me eit kart der bøndene kunne vise kvar dei haldt til. Det ga oss ein fin moglegheit til å høyre meir om kva utfordringar dei har i sin region, fortel Myhrene.
– Me viste fram kodane i den utvida helseregistreringa som blir gjort på slakteriet, og fikk ut god informasjon om desse. Kodane var nye på småfe 1.1.2016, seier Myhrene.

Planar for 2017

Myhrene og kollegaene, gir seg ikkje med LAM2017.
– Me har planar om å vere tilstades på andre arrangement i tida framover, og vil strekke oss for å vere med på årsmøter, bondelagsmøter, og så vidare, seier ho.