Med berre tre prosent dyrka jord i Noreg, skulle ein tru kvar kvadratcentimeter vart nytta til matproduksjon. Slik er det ikkje.

Desse ferske tala og kartet frå NIBIO syner at halvannan million dekar jordbruksjord no er ute av drift. Det tilsvarer 13,2 prosent av jordbruksarealet.

Bothild Å. Nordsletten

Forklaring:

Nord-Noreg har mykje areal som lenge har vore ute av drift. På Austlandet og på Jæren er jordbruksareal ute av drift gjerne nytta til føremål som ikkje gir rett til produksjonstilskot, slik som hestesport og produksjon av ferdigplen. Nokre areal ute av drift kan òg vera vegkantar og areal omdisponert til andre føremål. Ut frå flybilete ser mykje av arealet ut å vera dårlig arrondert og tungdrive.

I drift: Fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite som inngår i søknad om produksjonstilskot i 2018.

Mellombels ute av drift: Fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite som inngår i søknad om produksjonstilskot 2018, men som er oppgitt som mellombels ute av drift.

Ute av drift: Fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite på landbrukseigedom som ikkje inngår
i søknad om produksjonstilskot i 2018. Arealet kan kome i drift i 2019 eller seinare, og kan ha vore i drift i 2017 eller tidlegare.

Utanfor landbrukseigedom: Fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite som ikkje ligg på landbrukseigedom registrert i Landbruksregisteret.