Snart bru: Over denne elva, i nærleiken av Sambolabo, blir det bygt ny bru neste år. Dagens ferje har plass til to motorsyklar. Bambusflåten blir dregen over elva av ein eller to personar. Foto: Paul Iya.

Landsbyutviklingsprosjekta i Kamerun blir følgt opp med besøk kvart tredje år. I februar 2018 reiser U-landsutvalet på ny tur, og har framleis ledige plassar.

Sjur Håland

Bistandshistoria starta for 55 år sidan med misjonær og seinare biskop Bjørn Bue og gåvmilde bønder frå Rogaland som engasjerte seg i arbeidet han dreiv i Kamerun. Rogalandsgarden vart etter kvart allemannseige i landbrukskretsane i fylket.
– I dag driv styresmaktene og den lokale kyrkja jordbruksundervisning på dei solide tuftene etter det viktige pionerarbeidet, seier reiseleiar og tidlegare bistandsarbeidar i Kamerun, Terje Øen.

Til Sambolabo

Hovudopphaldet på den elleve dagar lange reisa, som startar på Sola 13. februar, blir der bistandsarbeidet går føre seg no. I tillegg til det som var Rogalandsgarden, skal reisefølgjet også sjå på resultatet frå arbeidet i Galim, der U-landsutvalet var engasjert i perioden mellom 1995-2007.
– Me har vore til stades i Sambolabo sidan 2007. Her skal me sjå og høyra på kva dei har oppnådd i dei ulike aktivitetane, særleg dei tre siste åra. Kva tenkjer målgruppa om det som blir gjort? Nyttar det? er viktige spørsmål å stilla.

Kontaktpleie

– Å pleia kontakten med prosjektmedarbeidarane og lokale og regionale styresmakter, er også ein viktig del av oppfølgingsarbeidet, legg Øen til.
Bak U-landsutvalet står Rogaland Bygdekvinnelag, Rogaland Bondelag, 4H i Rogaland og Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i Rogaland. I tillegg til private gjevarar bidreg organisasjonane til å finansiera arbeidet. Innsamlinga til bygdekvinnelaga i samband med hausttakkefestane i kyrkjene utgjer ein betydeleg inntektspost i rekneskapen. Arbeidet i Sambolabo er eit integrert landsbyutviklingsprosjekt. Folket og dei lokale styresmaktene er med på å setja dagsorden og prioritera aktuelle aktiviteter.

Spare- og lånegrupper

– For tida blir bygging av bruer og brønnar prioritert. Me prioriterer også haldningsskapande arbeid gjennom etablering av grupper der sparing og låneverksemd er ein viktig del, presiserer Øen.
I gruppene blir det undervist i generelle tema som mobilisering og organisering i tillegg til jordbruk, hagebruk, handarbeid og ulik næringsverksemd.

Først til mølla

Terje Øen fortel at gruppa som reiser kan være på maks ti personar.
– Det blir førstemann til mølla, seier Øen.
Han tek imot påmelding saman med sekretariatet i Rogaland Bondelag. Øen lovar ein tur rik på opplevingar og inntrykk.
Reisa vil kosta maks 25.000 kroner. Då er alt dekka. Frå flyplassen på Sola til Kamerun og attende til Sola.
– Enkelt, nært og i trygge omgjevnadar, lovar reiseleiaren.