Trønder på topp: Ole Morten og Maren Gangstad med premien, og ein snutt av Nidelven Blå – verdas beste ost. Foto: Elisabeth Fagerland.

Nidelven Blå er verdas beste ost

31. oktober 2023

Som einaste norske ost gjekk Nidelven Blå heilt til topps i hard konkurranse med sterke europeiske ostenasjonar under oste-VM i Trondheim.

Liv Kristin Sola, Bondevennen

Jubelen stod i taket og blitzeregnet hagla  over gjengen frå Gangstad Gårdsysteri då dei fekk tildelt det synlege beviset på at dei akkurat no, lagar verdas beste ost.

4500 ostar frå 40 land verda over, er fordelt på rundt 100 bord. 293 av dei er norske. 266 dommarar går frå ost til ost, luktar og smakar. Ostane vert vurdert etter farge, tekstur, konsistens og sist, men ikkje minst – for smak. Ostane som utmerkar seg får tildelt kvalitetstemplet gull, sølv eller bronse.

OsteVM 2023 i Trondheim. 101 bord, 4500 ostar og 260 dommarar. Foto: Elisabeth Fagerland.

Dommar i aksjon. Foto: Matt Horwood, Guild of Fine Food.

Ostefat frå Hitra Gårdsmat. Foto: Silje Kolaas.

Av 4500 ostar vart Nidelven Blå kåra til verdas beste ost 2023.  Foto: Elisabeth Fagerland.

Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri inspiserer nokre av konkurrentane sine ostar. Foto: Elisabeth Fagerland. 

Heiderspris til Voll Ysteri. Hanna Voll Kjøllesdal og Ingvar Kjøllesdal er 2. generasjon ystarar på Voll på Jæren. Landbruksminister Geir Pollestad i midten. Foto: Elisabeth Fagerland. 

Norsk Gardsost er viktig for norske ystarar. Her er leia Turid Nordbø og organisasjonssekretær Camilla Sæbjørnsen. Foto: Elisabeth Fagerland. 

For tredje gong
Første gong ein norsk ost gjekk til topps, var i 2016, med blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost på Nordmøre. Andre gong, i 2018 då Oste-VM vart arrangert for første gong i Norge/Bergen, vann Jørn Hafslund frå Ostegården i Fana med Fanaosten.
Og sist helg, i Trondheim, vart altså blåmuggosten Nidelven Blå frå Gangstad Gårdsysteri kåra til verdas beste. Den vann med 102 poeng framfor Baliehof Houtlandse Asche kaas frå Belgia på 100 poeng, og Eberle würzig seit 5 Generationen frå Sveits med 97 poeng. På fjerdeplass kom ein indisk ost med namnet Eleftheria Brunost.

Pionerane på Gangstad
Gangstad Gårdsysteri ligg langs Den Gyldne Omvei på Inderøy, nord i Trøndelag. Astrid Aasen og mannen Perry Frøysadal, var blant dei første som fekk godkjent gardsysteri her til lands, for 25 år sidan. I dag er det sonen Ole Morten som har overteke gardsdrifta. Svigerdotter Maren er dagleg leiar i ysteriet, som med 12 tilsette er eit av dei største gardsysteria vi har her i landet.

Jubel på Gangstad: Ein stor gjeng frå Gangstad Gårdsysteri tok imot beviset på at Nidelven Blå er verdas beste ost. Maren og Ole Morten (nr. 1 og 2 frå venstre) er 2. generasjon gardsystarar på Gangstad. Foto: Elisabeth Fagerland.

Ostar frå sør og vest som fekk utmerking under VM
• Ryfylke Gardsysteri tok gull for osten Rabben Trave og sølv for Ryfylkeosten.
• Stavanger Ysteri tok gull for Fønix 6 mnd.
• Myrdal Gard tok gull for Myrdal Fjellost og bronse for Myrdal IBEX, Myrdal Fjellost, Myrdal Vellagra Kvit Geitost og Myrdal Kvit Geitost med Trøffel.
• Tjamsland gårdsysteri tok gull for Aske Rose og for Rødlin XO, og bronse for Rødlin.
• Ystepikene tok bronse for Jærsk Bedaost tomat, og Jærsk Havsletteost.
• Voll ysteri tok bronse for Jærosten Jemima 12 mnd.
• Nornes gard tok bronse for sin Fersk Mozarella.

Også Tine hadde mange ostar til vurdering og tok mange utmerkingar, med gull blant anna for Fløtemysost, Gudbrandsdalsost, Tine Geitost, Snøfrisk kremost kantarell, og Selbu Blå original.

Gull til Ryfylke Gardsysteri

Hilde og Joar Hauge kom heim med gull og sølv i bagasjen etter sitt første OsteVM.

Då OsteVM vart arrangert i Bergen i 2018 var Hilde og Joar Hauge frå Fister i Ryfylke, på studietur i lag med Statsforvaltaren i Rogaland. Motivasjonen til å investere i nytt fjøs og ysteri vart ikkje mindre etter den turen.

I år, fem år seinare, reiste dei til VM i Trondheim med fire ostar, og fekk to medaljar. Gull til Rabben Trave, ein mellomlagra ost (6-12 mnd) og sølv for Ryfylkeosten som er ein kremost modna på mjølkesopp.

– Det er ein anerkjenning at osten vår står til gull, seier Joar.

Eit nålauge

Med 4500 ostar som blir vurdert, er det ikkje lett å nå gjennom nålauge. Rabben Pøyg, lagra 3-6 mnd., fekk NM-gull i 2021, men vart ikkje premiert under VM.

– Det handlar mykje om kva for andre ostar som er på bordet, og kva dommarane har for preferansar. Men ostane som blir premiert er godt vurdert og har fortent utmerkinga, seier Joar.

Ryfylke Gardsysteri hadde stand i lag med andre ystarar i Norsk Gardsost. Ein fin moglegheit til å treffe kollegaer og osteinteresserte kundar, i tillegg til bransjefolk og aktuelle kjøparar.

– Me visste ikkje kva me kunne vente før konkurransen, så det var opptur å komme heim med ein gull og ein sølv, seier Joar.

Ei stor anerkjenning: Hilde og Joar Hauge reiste til VM med fire ostar og kom heim med to medaljar, gull og sølv. Ei stor anerkjenning for eit ungt og lite ysteri som Ryfylke Gardsysteri. Foto: Privat.

Godt samhald i Norsk Gardsost

Joar understrekar den gode tonen blant ystarane her til lands.

– Me samarbeider kanskje meir enn me konkurrerer, seier bonden og ystaren.

Hilde og Joar har ysta i tre år, og produserer i dag rund 2,5 tonn ost i året. Tanken er å auke for å dekke auka etterspurnad. Men då kjem det eit punkt kor dei ikkje klarer det åleine, men må tilsette folk.

– Me får sjå kva me gjer. Det er i alle fall spennande tider, seier Joar.