– NLR Gris AS skal bidra til betre helse for grisen og auka lønsemd for bonden. Vi bringer inn ny kompetanse og arbeidsmetodikk til dei som ønsker det i norsk svineproduksjon, seier direktør i NLR, Bjarne Holm, som er styreleiar i NLR Gris AS.

NLR Gris: Dansk spisskompetanse til norske svinebønder

10. juni 2024 | Aktuelt

NLR utvidar rådgivingstilbodet sitt og tilbyr dansk rådgiving til norske grisebønder.

– Me ser eit økonomisk meirpotensiale hjå norske grisebønder som vi vil bidra til å ta ut, seier Bjarne Holm i NLR.

Liv Kristin Sola

​Mange norske svineprodusentar har i fleire år brukt dansk rådgiving, blant anna frå Ø-vet. No har Norsk Landbruksrådgiving (NLR) inngått eit samarbeid med det danske rådgivingsfirmaet, og danna NLR Gris AS. Og rådgivinga skal skje etter danske modellar.

Auka lønsemd for bonden

Gjennom NLR Gris, vil norske svineprodusentar få tilbod om ny kompetanse og ein ny arbeidsmetodikk, basert på danske erfaringa. Målet er betre dyrevelferd, betre helse for grisen, og auka lønsemd for bonden, skriv NLR i ei pressemelding i dag.

– NLR har i sin strategiplan at vi skal levere tenester der det er behov. Og vi ser ut frå rekneskapstal, at det er ein del å gå på, at mange har eit stort økonomisk meirpotensiale som vi skal hjelpe dei med å ta ut, seier Bjarne Holm til Bondevennen.

Holm er direktør i NLR, Bjarne Holm, og styreleiar i NLR Gris AS.

– NLR melde tidlegare eit tettare samarbeid med Tine. Er dette ein ny strategi for NLR, å involvere seg enda breiare?

– NLR Gris AS skal bidra til betre helse for grisen og auka lønsemd for bonden. Vi bringer inn ny kompetanse og arbeidsmetodikk til dei som ønsker det i norsk svineproduksjon, seier direktør i NLR, Bjarne Holm, som er styreleiar i NLR Gris AS.  (Foto Karoline Lervåg Solberg)

Bjarne Holm. Foto: Karoline Lervåg Solberg

 

– Ambisjonen til NLR er å vere førstevalet på rådgiving for bonden. Eigarane våre har utfordra oss på å vere relevant, og levere der det er etterspurnad, seier Holm.

Han viser til at landbruket er i endring. Det blir færre bønder, og større krav til bonden om å hente ut verdien i produksjon. Det skjer mykje verdiskaping som bonden går glipp av i dag. Både i grisefjøset, men og mellom agronomien og kufjøset.

– Lønsemd for bonden er nøkkelen. Det blir eg jaga på frå mine eigarar, avsluttar Holm.

Søker norske veterinærar

Danske veterinærar skal stå for den operative rådgivinga, men dagleg leiar, Gisle Tungland, er på jakt etter norsk kompetanse. NLR vil knytte til seg norske veterinærar som skal lærast opp i faget med å optimalisere drifta og auke dyrevelferda i norske grisehus. NLR presiserer at NLR Gris AS ikkje skal vere ein konkurrent verken til dagens besetningsveterinærar eller private dyreklinikkar.

Delt eigarskap

Ø-vet er eit av Europas leiande rådgivingsverksem på gris, og driv rådgiving i over 20 land. Eigarskapet i NLR Gris er delt 50/50 mellom NLR og Ø-vet. Dagleg leiar er Gisle Tungland, som òg er regionsjef i NLR region Sør.