Omorganisering i Nortura Vest: Bonden skal oppleva eitt Nortura og det skal bli lettare å henta ut effektiviseringspotensialet på anlegga, ifølgje Einar Risnes, regionssjef i Nortura Region Vest. Illustrasjonsfoto.

No blir området delt i tre tilførselsteam. Eitt i Førde, eitt i Sandeid og det tredje på Forus/Egersund.

Sjur Håland

– Det betyr at alle ressursane som har vore delt på dyreslag, livdyr og inntransport, blir felles kompetanseteam under éin leiar på kvart anlegg, seier Einar Risnes, regionssjef i Nortura Region Vest.

Bonden skal oppleva eitt Nortura og det skal bli lettare å henta ut effektiviseringspotensialet på anlegga, forklarer regionssjefen.

– Koordineringa mellom tilførselsdelen og slakt, industri og sal blir betre. Me får dermed ei heil verdikjede på anlegga. Det er her pengane i stor grad blir tapt eller skapt.

Kuttar staben

Einar Risnes starta i arbeidet som regionssjef i Nortura Region Vest i mars.

– Det vart tidleg klart kva som vart mine prioriteringar. Det handlar om Nortura sine minkande marknadsdelar og minkande tilfredsheit hjå medlemmane våre. Premisset i botn var å kutta tjue prosent i staben. Nokre føringar gjeld heile organisasjonen, medan enkelte ting blir jobba ekstra med i Region Vest, seier Risnes.

Einar Risnes. Privat foto.

Det handlar i stor grad om tilførslar.

– God økonomi og drift for bøndene og Nortura handlar om å få inn rette varer til rett tid, opp mot kva Nortura får selt i sluttmarknaden, seier han.

Jamne tilførslar

Å få selt varene vidare til storkjøkken og over disk i butikkane, er ei av dei viktigaste oppgåvene til Nortura. Målet er, i følgje regionssjefen, at Nortura sine eigarar skal få mest mogleg att av det dei driv med på garden. Å få inn slakt til tider som ikkje sel ut i marknaden, er dårleg forretning for både Nortura og bonden. Risnes held fram at stabil drift på slakteria må til.

– Greier me å få inn eit stabilt volum med rett kvalitet til rett tid, gir det ei jamn drift på slakteriet der ein unngår å stenge ned linjer i periodar, eller å måtta legga opp til overtid for å få slaktemengdene unna.

– Korleis vil eigarane merka omorganiseringa? Vil det gå ut over kvaliteten på tenestane Nortura tilbyr? Blir det mogleg å auke tilfredsheita blant eigarane med færre tilsette?

– Me har ein plan på dette. Men forventningsnivået
må me bli samde med eigarane om. Den diskusjonen skal nå skje hjå Nortura-bøndene og deira tillitsvalde i Region Vest.

Opplever stort engasjement

Risnes er oppvaksen på gard, har utdanning frå Ås, og 20-års erfaring frå næringslivet utanom landbruket. Nå skal han vera med og snu den negative trenden i Nortura.

– For å få det til, må me våga å også stilla spørsmål som går utanom den tradisjonelle tankegangen, presiserer han.

– Korleis opplever du engasjementet frå grasrota?

– Det er mykje sunn fornuft og eit stort engasjement der ute. For Nortura handlar det om å leggja godt til rette slik at eigarane får god moglegheit å engasjera seg. At arbeidsutvala blir engasjert og involverer dei tillitsvalde frå dei 8.000 gardane i Region Vest er viktig.

Kort styreavstand

Risnes er ikkje med på at det er lang avstand mellom styrerommet og eigarane av Nortura.

– Nei, om du meiner noko og har eit engasjement, er vegen til styret i Nortura kort. Men me må vera flinke til å informera medlemmane grundig. Det å få meir synlege tillitsvalde som er involvert i det som skjer i Region Vest gir eigarane muligheit til å hjelpa bedrifta vidare. Der har me etter mi meining litt å gå på seier han.

– Vil Nortura måtta ta betalt for rådgjeving framover?

– Temaet rådgjeving har vore ute på høyring i alle kretsane i haust. Grunnhaldninga har vore at basis rådgjeving skal vera gratis for medlemmane, det er ingen ting som tyder på at det blir endra no.

– Kva med sal og utfordringane med Gildemerket og butikkjedane si satsing på eigne merkevarer?

– Nortura jobbar iherdig med dette. Det er her det til sjuande og sist kjem fram om me har tent pengar. Med andre ord, selt varene.

 

Ingen trylleformel for Nortura

Engasjert: Egil Svela frå Vikeså har vore samvirkebonde sidan 1967. Han har eit sterkt engasjement for både sauene og Nortura. No leitar han saman med dei andre eigarane etter oppskrifta på å få Nortura på rett kjøl

– Bøndene er engasjerte, men kjenner på avmakt, meiner bondeveteran.

Sjur Håland

Egil Svela er ihuga samvirkebonde med fartstid som tillitsvald i Nortura. Veteranen frå Vikeså i Bjerkreim har vore bonde sidan 1967.

– Er eigarengasjementet slik det skal vera i Nortura?

– Eigarengasjementet for Nortura vil eg definera som stort. Spørsmåla me bøndene likevel stiller oss, er om det i det heile er noko me nå kan gjera for å retta opp skuta. Me kjenner dessverre på avmakt. Trylleformularet for å få Nortura opp og gå att, er ikkje god å finna, men det er noko på toppen som skurrar, seier han.

Svela var blant det kritiske mindretalet på årsmøtet som gav beskjed alt då Gilde Vest og Prior vart slege saman og konsernet Nortura vart etablert i 2006.

– Dette kjem ikkje til å gå, sa eg då. Eg meiner framleis at konserndanninga var feil, men no er det for lengst gjort, og me må vidare.

Blåruss

Samvirketanken er for lite til stades i det bondeeigde konsernet, meiner han.

– På godt norsk, litt for mykje blåruss, utan at eg greier å definera det nærare. Investeringar på Herland og i nytt IT-system er døme på bommertar som selskapet eigentleg ikkje er viljuge til å innrømma. Dette går ut over prisen til oss eigarar, seier han.

Svela meiner Nortura var svake då dei, i følgje han sjølv, la seg flate og nekta å ta i mot egg frå burhøns etter press frå ein liten dyrevernorganisasjon. Han er sterkt kritisk til prissetjinga på sau og uroa over moglege konsekvensar av veganisme og andre forbrukartrendar som ikkje inkluderer kjøt som ein del av kosthaldet. Dette kjem på toppen av problema med kjedemakta, som han meiner påverkar resultatet til Nortura negativt.

– Det er heilt fortvila kor stor makt kjedane har fått. Det handlar om eigne merkevarer for alle pengane. Å snakka med matkjedane, er som å snakka til veggen. Hadde me fått skikkeleg innpass med Gilde sine varer her, ville mykje vore annleis.

Bonden held fram verdien av dei tilsette i Nortura som bøndene møter.

– Me må for alt i verda ta vare på dyrebilsjåførane, rådgjevarane og dei på innmeldinga. Det er desse som hankar inn folk til Nortura. Når du blir møtt med velvilje, fagkompetanse og service, blir forholdet gjerne nært sjølv om avstanden elles er stor.