Skal legga om inntransport: Vinsten for omlegginga av inntransport er i følgje Nortura, effektivitet, føreseielegheit, betre økonomi og reduksjon av klimautslepp frå transport. Illustrasjonsfoto.

Inntransporten til slakteria skal effektiviserast og forbetrast. Nortura Vest frir til transportørane for å finne dei beste løysingane.

Jane Brit Sande

Omlegginga av inntransport er ein av mange endringar i Nortura for tida. Kostnadane for inntransport på landsbasis ligg på 285 millionar kroner, og utgjer dermed 40 prosent av slaktekostnadane, i følgje Nortura. Samvirket sitt mål er at regionane innan 2025 skal ha effektivisert inntransport så mykje, at Nortura på landsbasis sparar 35 millionar kroner i netto – årleg. Konsernstyret sitt mål er at inntransport av slaktedyr (firbeinte) skal vere kostnadseffektiv, brukarvenleg og klimasmart. Brukartilfredsheita framover skal ligge på same høge nivå som i dag, nyleg målt til 90 prosent. CO2-utsleppa skal reduserast med 20 prosent innan 2025, med mål om 50 prosent innan 2030.

– Regionane skal kvar for seg finna den beste måten å koma dit på, seier Willy Finnbakk, tillitsvald i Nortura, til Bondevennen.

Karl-Ottar Jakobsen, fagansvarleg for inntransport på Nortura Forus, seier at nye reglar for kjøre- og kviletid gjer at dei også må tenke annleis.

– Tidlegare har me søkt om, og fått innvilga, dispensasjon. Det får me ikkje lenger. Etterlevinga av regelverk skal vere 100 prosent, seier han.

Tenestekjøp

Styret i Nortura har gitt regionane tre alternative måtar å organisere inntransport på. Eit døme er via eit selskap som er delvis eigd av Nortura, slik som Notra AS. Einar Risnes, regionsjef Nortura Vest, vil ha ei anna løysing på modellen.

– Region Vest diskuterer også eit slikt felles selskap som eit alternativ. Men her er det dagens transportørar og Nortura som skal eige halvparten kvar, seier han.

Eit anna alternativ er at transporten er heileigd av Nortura. Dette er berre aktuelt i område der det er vanskeleg å få til lønsam drift for eksterne selskap, i praksis er det berre aktuelt i Nord-Norge. Eit tredje alternativ er å fortsette med dagens modell, men med klart færre selskap. Dagens modell i Nortura Vest er tenestekjøp frå 11 forskjellege transportørar, i tillegg til nokre få eigne bilar.

Jakobsen seier at det er ei utfordring å organisere dette effektivt.

– I tillegg er det mange forskjellege bilar i sving. Det er stor forskjell på kapasitet. Me vil at bilane skal standardiserast, gjerne med tre etasjar til gris og småfe, seier Finnbakk.

Rådslaging

For å planlegge omstruktureringa, har Nortura Vest invitert transportørane til å vere med på å utarbeide korleis framtidas inntransport skal sjå ut. Ti transportørar takka ja til invitasjonen. Rådslagingsmøta har i tillegg bestått av transportørar, tillitsvalte, tilførselsleiarar, fagansvarleg for inntransport og regionssjef.

– Nortura Vest har gjort eit aktivt val om å satsa på dagens transportørar og sjåførar. Me opplever at det er vilje til å sjå på endringar for framtida saman med oss, seier Jakobsen.

Willy Finnbakk

Karl-Ottar Jakobsen

Einar Risnes

– Me treng deira lokalkunnskap og profesjonelle tankegang. Dei er viktige bindeledd mellom slakteria og bøndene.

Jakobsen og Finnbakk seier at dei opplever samarbeidet som konstruktivt. Nortura Vest ønsker å halde seg til eitt selskap per anlegg, i motsetnad til dagens løysing med 11.

– Transportørane er utfordra til å løfte blikket, og sjå ein større heilskap utover sine eigne bilar og sjåførar. Me vil at dei skal vere med på å finne gode løysingar for å best mogleg unytte alle bilane, og vurderaom det er naudsynt med så mange bilar som me har i dag, seier Finnbakk.

Betre utnytting av bilparken, strukturutvikling på bygdene med fleire dyr på færre gardar, og logistikk er blant utfordringane dei må løysa. Fortsatt køyrer det tomme bilar forbi anlegga.

– I 2018 vart 5000 lass med dyr køyrt inn til anlegga på Forus og i Egersund. I teorien er det mogleg å gjera det på 3200 lass. Det viser at me har ein del å gå på når det gjeld logistikk, seier Jakobsen.

– Vinsten for omlegginga av inntransport er effektivitet, føreseielegheit, betre økonomi og reduksjon av klimautslepp frå transport, seier Finnbakk.