HØYR!

– Noteringsprisen på sau må opp

5. juni 2020

Foto: Privat.

Så lenge lagera er tomme, blir det ikkje overproduksjon.

– Sauen er meir verdt enn det bonden får i betaling, seier leiaren i Rogaland Sau og Geit.

Jane Brit Sande

Rogaland Sau og Geit (RSG) tar til orde for å auka noteringsprisen på sau til 20 kr/kg.

– Det er eit viktig poeng at me vil at denne prisauken skal skje gradvis, seier Kjell Åge Torsen, leiar i RSG.

På grunn av ein sviktande marknad for sau og store mengder sauekjøt på reguleringslager, vart noteringsprisen sett ned. Noteringsprisen for sau har vore nede i 1,55 kroner, og er no rett over tre kroner.

– Å sette ned noteringsprisen var ein strategi som var heilt naudsynt den gong. Det var kritisk å oppnå betre marknadsbalanse på sauekjøt, seier Torsen.

Situasjonen er no snudd. Reguleringslageret er tomt, og etterspurnaden er aukande. Forbrukarvanene har endra seg til det positive for sauebøndene.

– Aktørar i marknaden melder om stor etterspurnad etter sauekjøt gjennom vinteren, og signal om at dette kjem til å halde fram. Dette bør gi eit grunnlag for ein høgare utbetaling til bonden, seier Torsen.

– Fokus på gode norske råvarer i norsk landbruk, og med det også kvaliteten på norsk sauekjøt, har hatt positiv effekt.

Ifølgje fylkesleiaren meiner fleire at ei prisauke vil føre til ein ny runde med overproduksjon. Førre periode med for mykje sau sit friskt i minnet hjå sauebøndene. Torsen delar ikkje spådommane.

– Så lenge lagera er tomme, blir det ikkje overproduksjon, seier han.

Torsen meiner det er på høg tid at sauebøndene får ein betre pris på kjøtet dei leverer.

– Sauen er meir verdt enn det bonden får i betaling. Slakteria har god vinst, slår han fast.

Han fryktar at den låge prisen på sau vil føra til at marknaden, med grossistane i spissen, vil velje sau framføre lam der det er mogleg.

– Sauebøndene vil vere den tapande parten som både får dårleg betalt for sauekjøtet, samstundes som dei risikerer sviktande sal av lammekjøt, seier Torsen.

– Det kan bety at prisen på lam går ytterlegare ned, seier han. Beitesesongen er i full sving i store delar av landet.

Til hausten blir slakteria fylt opp av lam som skal slaktast. Rogaland Sau og Geit er uroa for status på reguleringslager.

– No er det lam på lager, og sauebøndene er best tent med at lagera blir tømt før haustsesongen er her, seier Torsen.