Gjekk til media: Ellen Gudmestad og Livar Ravndal gjekk til Bondevennen med varslingssaka mot NSG. – Eg trur ikkje me hadde kome dit me er i dag om me ikkje hadde gjort det, seier Ravndal.

Ellen Gudmestad og Livar Ravndal varsla om ukultur i NSG. No beklagar styret. – Det er eg glad for, seier Ravndal.

Liv Kristin Sola

– Dei orsakar på det sterkaste, to gonger. Det er me godt nøgde med. Dersom resultat av varslinga fører til endring i organisasjonen, har me nådd mykje av det som var hensikta, seier han.

År med personangrep

Det var i mai i år at Gudmestad og Ravndal varsla om det dei kallar ein ukultur i Norsk Sau og Geit (NSG).

– At enkeltpersonar kan ta seg til rette og trakassere medlemmar og tillitsvalde, det er styret sitt ansvar. Det må få konsekvensar, sa Ravndal til Bondevennen den gong.

Både Ravndal, som den gong var leiar av Fuglestadbrogete og Blæselaget, og Gudmestad, som var sekretær i laget, meiner seg hengt ut og erklært uønskte som tillitsvalde i raselaget. I tillegg vart raselaget uventa ekskludert frå organisasjonen. Gudmestad dokumenterte korrespondanse med NSG dei siste femten åra.

– Alt me gjorde og sa var forankra i styret vårt. Me handla aldri på eigne vegne, stadfestar ho.

Varselet vart sendt etter at dei to valde å ikkje ta attval som tillitsvalde i raselaget. Gudmestad og Ravndal fekk støtte frå Solfrid Bye i Steigarlaget.

Har fått svar

Sittande styre i NSG beklager i brevet at Gudmestad og Ravndal er omtalt som enkeltpersonar, ikkje som talspersonar for raselaget. Styret erkjenner òg at dei ikkje har hatt gode nok etiske retningslinjer som avklarar forventa oppførsel frå tillitsvalde, tilsette og medlemmar, eller rutinar for konflikthandtering.
Ravndal kjenner langt på veg dette som ei oppreising.

– Det viktigaste er heilt klart orsakinga overfor Ellen og meg, seier han.

– Dette har teke mykje tid. Men eg har heile tida visst at det var rett det me gjorde. Det har vore ein pådrivar for min del, seier Ravndal.

– Me kan ikkje akseptere at enkeltpersonar sentralt i organisasjonen, tillitsvalde eller tilsette, får dominere og snakke usant og nedsettande om andre, utan at det blir slått ned på.

Kven har definisjonsmakt?

Bye er kjend med brevet, og skriv i ein SMS til Bondevennen seier ho at ho oppfattar svaret frå sittande sentralstyre som oppløftande.

– Dei går langt i å innrømme at organisasjonen ikkje har hatt gode nok rutinar for konfliktløysing. Likevel er det tvilsamt at styret vel å definerer kva som er mobbing og trakassering, utan at dei, som dei sjølve påpeiker, har full oversikt over kva som har skjedd.

Ho håper på ei positiv endring som òg kan smitte nedover i organisasjonen.

Lovar å rydde opp

Ein dårleg forankra samarbeidsavtale mellom raselaget og NSG har vore ein viktig del av biletet. Gudmestad og Ravndal håper NSG og småraselaga vil finne ein meir konstruktiv samarbeidmåte framover.

– At styret no skriv at dei vil ta ein gjennomgang av samarbeidsavtalane med småraselaga, er viktig. Det er småraselaga som sit med kompetansen for sine rasar, seier Ravndal.

– Oppgåva til raselaga er å bevare rasane og deira særpreg, ikkje endre dei, seier Gudmestad.

I brevet erkjenner sittande styre at dei har mykje å rydde opp i, og skisserer fleire tiltak som skal hindre at slike situasjonar får utvikle seg i framtida.

– Har du tru på endring?

– Ja. Slik eg les brevet, har det nye styret vilje til å gjere dei endringane som må til for å få ein sunn organisasjonskultur. Men då må styret ikkje la seg styre av administrasjonen, seier Ravndal.

Ryddar opp

NSG tar kritikken frå Gudmestad og Ravndal på alvor. – Det skal ikkje vere tvil om at me skal snakke saman på ein skikkeleg måte, seier Håvard Helgeland.

Sentralstyremedlem i NSG, Håvard Helgeland, seier til Bondevennen at styret har sett i gang eit omfattande arbeid for å sjå på etiske retningslinjer og prosedyrar for kommunikasjon og samarbeid. Og det er ikkje berre denne eine saka som ligg til grunn for den grundige sjølvgranskinga. Helgeland understrekar vidare at denne saka er behandla prinsipielt.

– Me har altså ikkje vurdert den gamle konflikta, men vil nytta saka til å gå gjennom eigne rutinar. Dei etiske retningslinjene me no tek tak i, skal seie noko om på kva forventningar NSG har til oppførsel for både medlemmer og tilsette, samt korleis me handterer konfliktar, seier han.

Målet er at konfliktar ikkje får eskalere.

– Styret er heilt klare på at dårleg oppførsel ikkje skal aksepterast. Det skal vere høgt under taket i NSG, seier Helgeland.

– Har det vore ein fryktkultur i organisasjonen? Frykt for konsekvensane av å uttale seg?

– Det håpar eg verkeleg ikkje. Men dersom nokon har det inntrykket, så er det alvorleg. Alle skal vere velkommen og inkludert i organisasjonen, seier Helgeland.

– Er dagens styre kompetent og villig til å gjere desse endringane?

– Ja, det trur eg. Me har ein stor jobb framfor oss, men det kjem noko ut av dette, seier Helgeland.