Mi meining:

Fylkesmannens landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg,

«Det er heilt klart at ytre korridor vil øydeleggja mykje her.»

Rogaland Jordvernforening fortvilar over at ytre og midtre trasé ikkje lenger er alternativ for ny E39. Det gjer ikkje landbruksdirektøren.

Bothild Å. Nordsletten

Rogaland Jordvernforening, Aksjonsgruppen for Ny E39 og Interessegruppen for Ny E39 har protestert høglydt på Statens Vegvesen si avgjerd i desember om ikkje å utreda ytre og midtre trasé, inkludert den såkalla Jærlinja, i planlegginga av ny E39 mellom Sandnes og Lyngdal vest. Foreininga hevdar statens prioritering av indre trasé vil ta mykje meir matjord enn dei andre alternativa. Fylkesmannens landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg, har eit anna syn på saka.
– Jordvernforeninga går ganske hardt ut kva gjeld arealrekneskap, men ting er ikkje utreda i detalj. Kor har dei det kunnskapsgrunnlaget frå, kva baserer dei dette på, spør Skadberg.
– Dette er ei vanskeleg sak, men Fylkesmannen går for den indre traseen, slår han fast.
– Gjennom ein rapport frå Norconsult til Statens Vegvesen har me fått stadfesta at arealtapa er nokså like mellom indre og ytre trasé. Uansett kva trasé det er snakk om, så krev det store landskaps- og naturinngrep. Likevel er det store forskjellar i korleis desse korridorane verkar på landskapet mellom dei ulike alternativa. Ytre korridor vil i mykje større grad stykke opp landskap og friluftsområde med store naturverdiar.
Skadberg minner om at Rogaland er eit kystlyngheifylke.
– Me har eit nasjonalt ansvar for lyngheiene, og den ytre korridoren går gjennom fleire, større slike område. Og nye trasear vil føra til mykje aktivitet på sikt. Dei er ein magnet på bustadbygging og næringsutvikling. Indre trasé vil ikkje føra til nye bygdedanningar. I hovudsak vil utbyggingar følgja eksisterande trasé. I dei komande 100 åra vil den difor vera det beste alternativet.
Skadberg meiner samstundes at staten si avgjerd om å etablera fire felt frå Ålgård og heile strekket sørover er overdimensjonert.
– Fylkesmannen skulle gjerne ha utgreidd einskilde strekningar med to og tre felt. Arealtapet ville vorte mindre då. Men at vegen til Sørlandet skal vera fire felt er politisk bestemt i Oslo og me ser dette som ei tapt sak.
– Uansett val av trasé, vil matjorda, bønder og lokalsamfunn lide. Er ny E39 eit val mellom pest og kolera?
– Ja. Det er ei krevjande sak. Sør på Jæren og i Dalane må me ta omsyn til dei natur-og miljøverdiane som er vedtatt viktige. Det er heilt klart at ytre korridor vil øydeleggja mykje her.