skadberg

Geir Skadberg er ny landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland. (Foto: Tone C. Ødegaard)

– Hovudfokuset blir bøndene og kommunane, fortel Geir Skadberg.

 

Eirik Stople, Bondevennen

Den nye landbruksdirektøren tek over etter Hadle Nevøy og kjem frå stillinga som konstituert assisterande landbruksdirektør  hos Fylkesmannen i Rogaland.

Oppdraget

– Kva blir hovudoppgåva?

– Hovudoppgåva ligg i å gjennomføra oppdraget frå Landbruks- og Matdepartementet og å tilpassa det til Rogaland. Hugs at Fylkesmannen er ein forlenga arm for sentraladministrasjonen i Oslo. Vi skal medverka til å gjennomføre den nasjonale politikken og gi ærlege tilbakemeldingar til Oslo.

Det handlar mellom anna om å stimulera til eit aktivt landbruk i heile fylket, å tilpasse matproduksjonen til marknaden og å arbeida for berekraftig produksjon av trygg mat.

Fylkesmannen er ein del av partnarskapet i landbruket som utviklar føringar for investeringsverkemidla. Nå ropar vi etter nye byggeprosjekt i distrikta, fortel landbruksdirektøren.

Jordvern og samfunnsplanlegging er andre nøkkeloppgåver. Rogaland har berre 7,1 prosent av den dyrka jorda i Norge, men produserer over 20 prosent av husdyrprodukta i landet. Det er så enkelt at vi treng jord for å produsera mat, understrekar landbruksdirektøren.

Bøndene

– Kva meiner du med fokus på bøndene?

Vi må aldri undervurdera produksjonsviljen til bøndene. Ikkje alle som eig jord vil produsera, og i det ligg det ein fare for ekstensivering. Vi treng eit intensivt landbruk i heile Rogaland og eg her ynskjer å vera ein motivasjonsfaktor og har ingen tankar om ei defensiv tilnærming. Vi må halde opp, og helst auka, produksjonsviljen over heile fylket.

– Kva med miljøsida?

– Vi må ha auka merksemd på berekraft og ressursøkonomi. Rogalandsjordet er sårbart og avhengig av stor import av innsatsfaktorar, jfr eit stort kraftfôrbehov. Eg trur at ressursøkonomien vil få auka merksemd og at bioproduksjon både i og utafor landbruket kan bli veldig stort.

Kommunedialog

– For meg er kommunane viktige. Dei har ei nøkkelrolle i samfunnsplanlegginga /jordvernpolitikken og har ei førstelineteneste inn mot bøndene i landbruksforvaltinga.

Både mot kommunane og mot landbruksnæringa er dialog den viktigaste reiskapen er har – og den er gratis, avsluttar Geir Skadberg.