«Tune in»:…og få tips om god søyefôring av bonde og veterinær Åshild Våge. Foto: Privat

– Fôrar du søyene rett, blir det lett å oppnå god slaktevekt på lamma. Me har tipsa du treng, seier programleiar Ingvild Luteberget Nesheim.

Bothild Å. Nordsletten

Ny episode av Bondevennens podcast på lufta i dag! Denne veka handlar det om korleis du alt no bør byrja å førebu søyene dine, for å sikra best mogleg slaktevekt på lamma til hausten.

– Grunnlaget blir lagt mange månader før lamming. Det hjelp ikkje å fôra ekstra like før lemming . Det er fôringa på hausten og vinteren som gir mykje tyngre slaktelam neste haust, seier programleiar Magnus Haugland.

Kollega Ingvild Luteberget Nesheim følgjer opp:

– Me treng ei søye som mjølker godt. Det viktigaste verktøyet me har for det, er fôret me gir i innefôringssesongen.

I vekas episode deler også bonde og veterinær Åshild Våge samt rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland, Ole Arnfinn Røysland, av si lange erfaring og kompetanse på sau.

Du finn Bondevennens podcast på denne lenka, eller så kan du søke etter Bondevennen der du lyttar på podcast!

Stikkord denne saka: , ,