Generasjonsskifte i Geno: 34 år gamle Vegard Nils Smenes overteke sjefsstolen i styret i Geno etter Jan Ove Melby. Foto: Turi Nordengen.

Etter ni år som styreleiar i Geno takka Jan Ole Melby nei til attval og gir klubba over til Vegard Nils Smenes. 34-åringen blir med det den yngste styreleiaren gjennom Geno si lange historie.

Liv Kristin Sola

Det var ein audmjuk nyvald styreleiar som takka årsmøtet for tilliten då han vart vald på tysdag. Han nytta samstundes høve til å rosa avtroppande leiar for god innsats i det han kalla for ein liten mannsalder.

– Arbeidet du har lagt ned står det stor respekt av, sa Smenes til Melby.

– Det blir heilt klart ei stor endring i livet mitt no. Det er eg budd på – og det skal eg takle, kommenterte Melby, som «lova» å følgje tett med på kva som skjer vidare i Geno under Smenes si leiing.

Smenes overtok heimegarden på Averøy på Nordmøre i 2015 og driv mjølkeproduksjon i lag med kona. Nest yngst av sju sysken – og allergisk mot ku, var det ikkje sjølvsagt at det vart yrkesvegen. No gler han seg til å ta fatt på arbeidet og nye utfordringar.

– Mitt fokus er ikkje å perfeksjonere meg, men eg er opptatt av å ha eit solid fundament og bygge stein for stein, sa Smenes til årsmøtet.

Han har agronomutdanning frå Lyngdal og styreverv i Bondelaget og produsentlag, samt Rådet og eigarutvalet i Tine. Han vart vald inn i styret i Geno i 2020.
Anne Margrethe Solheim Stormo frå Reipå i Nordland vart attvald som nestleiar. Nye styremedlemmar er Gunn Randi Finstad frå Renndalen. Det vart kamp om den andre nye styremedlemmen, etter at det kom inn benkeforslag på Ola Kvendset til valkomiteen si innstilling på Oddvar Mikkelsen frå Møre og Romsdal. Ved første votering fekk kandidatane like mange stemmer, men ved omstemming fekk Mikkelsen dei tre stemmene som hadde stemt blankt i første runde.
Ole Magnar Undheim frå Hå på Jæren vart attvald som styremedlem.