– Grunngjevinga for rutine- og strukturendringar er heile tida målet om styrka konkurransekraft, understrekar konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg.

– Grunngjevinga for rutine- og strukturendringar er heile tida målet om styrka konkurransekraft, understrekar konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg.

 

– Vi har styrka marknadsposisjonen gjennom heile fjoråret, både i sluttmarknaden og i tilførselsmarknaden, seier konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg.

 

Eirik Stople

 

Omsetninga i Nortura steig med 7,5 prosent og auka til 20,6 milliardar kroner i 2013. Resultatet gjekk likevel ned frå 403 millionar i 2012 til 328 millionar i 2013. Auka omsetting og redusert overskott.

– Kor ligg utfordringa?

– Dei største kostnadane er knytta til råvarekjøp, personal- og andre driftskostnader. Vi har hatt ein kostnadsauke på råvarer og det er ei ønska utvikling. Vi ynskjer sjølvsagt å gi ein best mogeleg pris til produsentane (eigarane), det er difor vi er til. Utbetalinga til kvantums- og kvalitetstillegg var på 481 millionar i 2013, ein auke på 71 millionar frå året før. På grunn av redusert overskott tilrår styret at årsmøtet ikkje går for etterbetaling i inneverande år. Sum resterande kostnadsmasse utfordrar. I 2013 hadde vi særleg to tapsprosjekt som slo negativt ut på botnlina. Det eine var tilbakekalling av pinnekjøtt, grunna kvalitetsproblem, og det andre er knytta til pakke- og skjeringssamarbeidet med Norges-gruppa. Vi arbeider med å reforhandle Norfersk-avtalen for å sikre ei meir effektiv og lønsam drift på Norfersk-anlegget på Hærland i Østfold. Vi har nå fokus på å ta ned kostnadane. Dette handlar om å få ein optimal industriell struktur og effektiv organisering. Mellom anna er vi i sluttfasen av eit utreiingsarbeid om framtidig industristruktur for slakting, foredling og distribusjon av raudt kjøt. Vi leitar mellom anna etter ein økonomisk fornuftig struktur for Nortura anlegga på Vestlandet og i Rogaland. I botn ligg heile tida målet om styrka konkurransekraft.

– Korleis vurderer du marknadssituasjonen for svinekjøtt?

– Det låg mørke skyer over inngangen til 2013, men vi fekk rydda godt opp i løpet av året. Per dato ser situasjonen lang betre ut, men marknadssituasjonen er ikkje friskmeldt. Vi har aktivt trykk på marknadsføring og det er positivt at salet av svinekjøtt har auke med 2 prosent, samanlikna med same tidspunkt i fjor. For inneverande år har vi ein ambisjon om å få samsvar mellom produksjon og sal, og etter kvart strekka oss mot målpris. Vi må akseptera at det er fleire steg i dette løpet.

– og for kylling?

– Vi hadde ein enorm auke i salet av kyllingkjøtt også i 2013. Auken held fram i 2014, men flatar noko ut. Inngåtte avtalar vil gi ein auke på produksjonsida, difor arbeider vi mindre aktivt med nye avtalar nå. Om veksten i marknaden held fram, treng vi nye produsentar på sikt.

– Korleis er aksepten blant produsentane for kvantum- og kvalitetsordningane?

– Innleiingsvis må eg seie at ordningane representerer store verdiar for eigarane, jfr. utbetalinga på 481 millionar i 2013. Majoriteten anerkjenner ordningane, men framleis er det delte meiningar, vi har heile tida ein diskusjon med ein viss friksjon. Grunngjevinga for ordningane er rasjonell åtferd og å premiere kvalitet. Alle tener på at ordningane fremjar kvalitet, avsluttar Kollberg.