Individnummer 874 var fyrste dame ut, og ho nytta sjansen til å teste publikum.

Individnummer 874 var fyrste dame ut, og ho nytta sjansen til å teste publikum.

Under Bjerkreimsmarken arrangerte Nortura livdyrauksjon. Interessa var absolutt tilstade blant publikum, men den store bodkrigen lot venta på seg.

 

Jane Brit Sande

Ti kyr og kviger gjekk under hammaren denne dagen. Auksjonarius var Odd Finnesand frå Nortura.
– Det er eit underskot av livdyr på marknaden, noko auksjonen ber preg av. I fjor var det 21 dyr på same auksjon, samanlikna han.
Finnesand meinte det var fleire av kyrne som det kunne bli rift om; både bedekte og drektige kyr var til sals, og Finnesand viste til gode avdråttstal. Det flokka seg til med publikummarar då auksjonen næra seg start, fleire av dei med katalogane klar – ein skulle tru det blei høg temperatur under auksjonen.
– Eg hadde trudd det skulle bli meir livleg, innrømma Finnesand då auksjonen var overstått.
Berre på ei av kyrne var det teikn til rift, resterande kyr hadde frå ingen til tre bod frå startpris.
– På Dyrskuen i Lyngdal var det noko heilt anna, men det kan òg vere fordi underskotet på livdyr har vore større i Agder samanlikna med her i regionen. I tillegg har prisutviklinga vore bratt dei siste fire til fem månadane og grovfôravlingane har vore gode i år. Men med eit konstant underskot i marknaden, hadde eg trudd det skulle vere fleire med i bodrundane, sa Finnesand.

 

 

Odd Finnesand, Nortura, var auksjonarius på Bjerkreimsmarken. Det var ikkje fyrste gong han er sjef over hammaren.

Odd Finnesand, Nortura, var auksjonarius på Bjerkreimsmarken. Det var ikkje fyrste gong han er sjef over hammaren.

 

Bv41.indd