Samdriftsfjøs

Frå og med 1. januar 2015 kjem det truleg endringar som påverkar samdrifter og deira rett på produksjons- og avløysartilskot. Bilete frå Bondevennen sitt arkiv.

 

Frå og med 1. januar 2015 kjem det truleg endringar som påverkar samdrifter og deira rett på produksjons- og avløysartilskot.
Linn Borsheim
Fylkesmannen i Rogaland
Til dømes kan ein person som driv samdrift åleine og som har eige enkeltmannsføretak i tillegg, som hovudregel ikkje søkja to separate tilskot. Årsaka til endringane er innføring av nytt regelverk for produksjons- og avløysartilskot, samt endringar bestemt i jordbruksoppgjeret 2014. Forskrifta har no vore på høyring, og endringar kan framleis bli gjort, men mest sannsynleg blir endringane lista opp nedanfor gjeldande.

Driftsfellesskap

Det viktigaste samdriftene bør merke seg, er kanskje reglane rundt driftsfellesskap. Dersom du driv enkeltpersonsføretak (ENK) og i tillegg er det einaste aktive medlemmet i ei samdrift, kan du som hovudregel ikkje søkja separate tilskot for dei to føretaka. Slik drift blir normalt rekna som driftsfellesskap. Dette er ikkje ulovleg, men du må søkja tilskot for all produksjon i dei to føretaka i ein og same søknad.
Dersom føretaka ikkje endrar på dette, men framleis søkjer som to separate føretak, kan det få store konsekvensar for tilskotsutmålinga. Fordi føretaka ikkje kan søkja separat, vil dei etter forslaget berre få utbetalt eitt avløysartilskot.

Dokumentasjonskrav for avløysartilskot

I jordbruksoppgjeret 2014 blei det bestemt at alle føretak må dokumentere sine avløysarkostnader. Då avløysartilskot er ei refusjonsordning som blir utbetalt året etter sjølve avløysaråret, betyr det at samdrifter må starte å dokumentere avløysarutgifter frå og med 01.01.2015. Søknadsomgangen i januar 2016 vil då vere første runden der dokumentasjon for året før skal kunne leggjast fram. Har du eigen avløysar, er det viktig å hugse på fristane for innlevering av løns- og trekkoppgåve til Skattedirektoratet.
Dersom avløysinga er utført av ein person under 15 år, ektefelle/sambuar eller ein person som har næringsinntekt frå føretaket, vil det ikkje bli utbetalt avløysartilskot for dette. Dersom denne endringa blir ståande, betyr det at samdrifter ikkje kan få utbetalt avløysartilskot for avløysing utført av medlemmer i samdrifta.

Samdrifter må leige beiteareal

Tidlegare har det vore mogleg for samdrifta å nytte beiteareala til deltakarane i samdrifta, og at deltakaren i samdrifta får utbetalt areal- og kulturlandskapstilskot for dette. Her blir det truleg og ei endring frå 01.01.2015. Dersom samdrifta ikkje har beiteareal sjølv, må samdrifta leige areal og sjølv søkje tilskot for dette arealet. Dette gjer at disponeringskravet blir likt for alle typar føretak.
Frå 2015 kjem det endringar også for andre føretaksformer, men i denne artikkelen har vi berre gått inn på konsekvensar for samdrifter. Ny forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot er ikkje vedteken enno.
Dersom forskrifta blir endra i høve til det som er beskrive her, vil vi leggje ut informasjon om dette på våre heimesider; http://fylkesmannen.no/Rogaland/Landbruk-og-mat/Tilskot-innanjordbruk-og-skogbruk/