Ein ny forretningsmodell tas no i bruk hjå Innovasjon Norge. Ragnhild Espeland, seniorrettleiar, trur det nye systemet vert lettare for søkarane.

Ein ny forretningsmodell tas no i bruk hjå Innovasjon Norge. Ragnhild Espeland, seniorrettleiar, trur det nye systemet vert lettare for søkarane.

No kan du søke støtte utan forretningsplan.

Jofrid Åsland

– Eg gler meg til å ta i buk nye søknadsmalar, seier Ragnhild Espeland.

Ho legg fram eit ark på bordet. Espeland har ansvarsområde innan mat, marin og helse, og er seniorrettleiar hjå Innovasjon Norge. Forretningsmodellen ho presenterer er utvikla av sveitsaren Alexander Osterwalder. Modellen skal raskt gi overblikk i ei bedrift.

– Me har i fleire år hatt krav om ein forretningsplan ved søknad om støtte. Me ser at det har vore tungvindt, og at planen ofte ikkje vert nytta til noko i etterkant. Med den nye modellen skal me raskare få eit bilete av dei viktigaste elementa i ei bedrift, forklarer seniorrettleiaren om grunnlaget for endringa.

LETTARE

I mars skal søknadsskjema vere klar i ny drakt. Alle kan søke støtte hjå Innovasjon Norge. Anten det er snakk om tradisjonell drift som skal utviklast eller nysatsing innan ei tilleggsnæring. I samband med landbruket er det oftast snakk om utvikling av tilleggsnæringar og større løft innan tradisjonelt landbruk.

– Ver kritisk og tru mot deg sjølv. Slik at du får jobbe med det du verkeleg vil og kan, er rådet frå Espeland for folk som satsar nytt og stort. (Sjå fleire råd under.)

Rettleiaren trur det vil vere lettare for søkarane å finne fram i det nye systemet, fordi dei heile tida vil møte dei same elementa.

 

Tenk gjennom dette før satsing:

Før møte med Innovasjon Norge kan du tenke gjennom følgjande punkt:

1. Kva er dine fortrinn og ressursar?

2. Kva kan du få ut av ressursane dine?

3. Korleis kan du få lønnsemd ut av ressursane dine?

4. Kven er dine kundar?

5. Kven kan vere dine samarbeidspartnarar?

Kjelde: Ragnhild Espeland, Innovasjon Norge.

 

Les meir om saka i Bondevennen 5, 31. januar 2014.