HØYR!

– Økonomien ikkje dårleg

17. november 2023

Ja, me har utfordringar på kostnadssida og rentene bit.

Investeringsaktiviteten i mjølkeproduksjonen er for låg for tida, erfarer Andreas Lundegård hjå Tveit Regnskap. – Kanskje har økonomien blitt snakka for mykje ned, spør han.

Sjur Håland

– Ja, me har utfordringar på kostnadssida og rentene bit. Men det er ikkje sikkert at økonomien er fullt så dårleg som enkelte vil ha det til.

Han meiner det er bra at bøndene sin økonomi har blitt sett på dagsorden.

– Absolutt. Men det kan jo henda at all negativ merksemd har ført til at me har fått fleire pessimistar som har bremsa på investeringsiveren og dermed også prisen på mjølkekvotane.

For kvoteprisane har gått noko ned. I Tveit regnskap sitt nedslagsfelt reknar Andreas Lundegård at prisen fall frå dei tidlegast omsette kvotane i vinter/vår på opp mot 23 kroner literen ned til 17-18 kroner innan fristen for i år som var 1. august.

– Omlegginga, som gjorde det meir lukrativt å omsetja mjølkekvote, vart gjort for å redusera kapitalkostnadane til den enkelte og for at mjølkeprodusentane i større grad skal eiga kvotane sjølv. Ei endring som var til det betre for den aktive mjølkebonden – for prisane i Rogaland har nok gjerne vore på eit litt usunt nivå.

Kvotetaket blir sett ned frå 900 til 700 tonn frå 1. januar 2024.

– Her var det nok ei viss interesse for folk som ville kjøpa seg opp mot det gamle taket før 1. august i år, medan andre, grunna gunstige sals- og kjøpsvilkår, ønskte å selja ut kvoten, seier han.

Omstillingar tvingar seg likevel fram uavhengig av kvotemarknaden. Lundegård seier det er ein utopi å tru at ein skal bygga utan å auka produksjonen og kvotane noko for dei små- og mellomstore bruka.

– Med større ombyggingar eller nybygg må du nok bygga i sjiktet 25-40 kyr og oppover for å få ein brukbar økonomi. Desse bruka må me få plass til for å oppretthalda landbruket vårt.

I førre veke skreiv Bondevennen om Innovasjon Norge i Rogaland som i tida som kjem ventar fleire ombyggingar i staden for nybygg.

– I desse tilfella, for eksempel med eit 40-kyrs «folkefjøs», snakkar me fort om investeringar på ti millionar kroner. Om det ikkje blir løyvt 50 prosent i tilskot til mjølkeprosjekt i Rogaland som i Vestland, kan me likevel rekna med tre til fire millionar kroner i tilskot. Då byrjar det i alle fall å hjelpa litt på slik at fleire kan bygga om og tilpassa fjøsa sine til nye krav.

Men aller helst burde Rogalandsbonden til liks med yrkesbrør i Vestland fått ta del i hevinga opp til fem millionar kroner, som er det nye makstaket på tilskot, seier han.

– For kostnadane med nybygg har verkeleg drege i veg.