image description

Me kallar det ei julekrybbe, men det er ikkje berre ei krybbe, her er mange folk og mange dyr. Maria og Josef er med, og Jesus-barnet i krybba må sjølvsagt vera på plass, og gjetarane og vismennene og sauene er med. Og så kjem dei dyra som kanskje er litt overraskande, ein okse og eit esel er òg med. Det står ingenting i forteljingane om Jesu fødsel at det var eit einaste dyr med rundt krybba. Sauene har kome med sidan gjetarane er med, dei var jo dei fyrste som kom for å æra barnet, så då var det vel naturleg å ta med sauene. Men kor kjem oksen og eselet ifrå?

Det er Grundtvig som får oss til å syngja det, år etter år:

Men okse der og asen stod
Og asen stod,
Og så den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Men tanken med okse og esel ved julekrybba er mykje eldre enn Grundtvig. Grundtvig si salme «Et barn er født i Betlehem» er omsett frå ei gamal latinsk salme frå 1300-talet. Frans av Assisis skal visstnok vera den fyrste som laga ei julekrybbe, med levande folk og dyr. Men heller ikkje det er starten på tanken om at oksen og eselet er ved sida av krybba. Me må like tilbake til profeten Jesaja, som skriv:
Ein okse kjenner eigaren sin, eit esel krybba til herren sin. Jesaja 1,3. For Jesaja er poenget at på same måten som desse dyra veit kven som gjev dei mat og er deira herre og eigar, så skal alle menneske kjenna og forstå kven som er Herren.

Juleevangeliet fortel at nå kjem han som er Herre. Englane sa det til gjetarane: «Han er Messias, Herren.» Barnet i krybba er meir enn eit barn. Johannes skriv om han at «alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til.» Det er Gud sjølv som har kome til jord og vorte menneske. Når vismennene kjem fram og finn barnet kan dei berre gjera det einaste rette, falla på kne og hylla det. Dei hadde sett barnet, men òg Herren.

Då skal vår julefeiring vera å herma etter okse og esel. Oksen og eselet veit kven som er deira herre. Me skal ikkje vera verre. Me skal anerkjenna han som er komen for å vera vår Herre og Frelsar. Så har kyrkja alltid tolka desse to dyra slik at dei representerer alle folk, heidningar og jødar. Alle folk skal koma til barnet og Herren som er komen for å hylla og tilbe han.

Me skal feira jul. Me har ulike tradisjonar. Nokre finn fram julekrybba med folk og dyr og eit barn i ei krybbe. Dyra står der rundt krybba for å fortelja oss at nå er Herren komen, han som er komen for å vera Frelsaren for alle folkeslag. God jul!

Prest, Andreas Haarr