Girl Power: Jenny (i midten) i lag med dei to avløysarane sine, Malika (t.v.) og Karen.
Open gard – Jenny style
Barnefamiliane strøymde til Hattaland i Klepp, då Jenny Kleppe inviterte til kuslepp og open gard.
– Det må ei Jenny til for å få til dette, seier Karin Fuglestad i Nortura.
Liv Kristin Sola
– Når dei unge bøndene spør om hjelp, då stiller me opp, seier Karin.
Frode er òg imponert over det Jenny får til, og er glad for få vise fram Gilde-merket der barnefamiliar samlast.
– Så håper me ungane kjenner att Gilde-merket i butikken, seier han.
Og når dei finn fram vipps for å betale, blir dei svært positivt overraska over at Nortura spanderer.
Takksam for god hjelp
Fantastisk! er ordet som går igjen, både frå hjelparane og besøkande. Jenny er ikkje i tvil.
– Eg har fått enormt gode tilbakemeldingar. Folk vil eg skal ha opplegg som på Soma Gard, eller … Og eg er enormt takksam til alle dei som har vore med og hjelpt meg. Nortura og Tine som takka ja til å bli med, utan å nøle. Sunniva og Jan Ove, familien og støttespelarar. Avløysarane mine og naboungane.
Jenny rekna rundt 500 besøkande, som takka vere gode støttespelarar og positive naboar, fekk oppleve hest, sau, kyr, kalvar, førsteslått og tursti i det flotte landskapet på Hatteland.
Kirsten Øvestad, Signe Ellingsen og mor til Jenny, Mariann Kleppe selde kaker og lapper. Røra hadde dei fått hjå Jærbakaren. Signe var og arkitekten bar quiz’en om garden og dyra.
– Me var litt redd for å annonsere for mykje. Frykta det kunne bli vel mykje folk – og bilar.
– Eg har tenkt at me skal….
Open gard, står det på ein handskriven plakat ved Hattalandsvegen, rett utanfor Klepp Sentrum. Ingen stor vimplar eller banner på avlessarvogner. Arrangementet er heilt typisk Jenny, ifølgje mor, Mariann Kleppe.
– Dette mennesket eig ikkje grenser, seier ho, og ristar på hovudet.
– Jenny har bydd på overraskingar heile livet. Me veit aldri kva ho kan finne på. Ho held dei gamle i ande – for det er klart at me stiller opp, seier Mariann.
For når Jenny har ein plan, blir foreldra informert slik: – Eg har tenkt at me skal…… , seier Jenny. Denne gongen var det altså open gard ho hadde i tankane. Og når 29-åringen har ein ide, stiller nettverket opp.
– Jenny har ei eiga evne til å få folk med seg. Ho reknar med at alt ordnar seg. Og det gjer det jo, seier Mariann.
Mjølk er populært
Alise Skadsem og Toril Sele kom med Tine sin nye salatost, og store kartongar med lettmjølk.
– Eg trur folk ventar å få den reine mjølka når dei er på gardsbesøk. Difor velde me vekk sjokomjølka denne gong. Me ønsker at folk skal bli glad i å drikke mjølk, ôg den reine mjølka utan smakstilsetting, seier Alise.
Mjølkebonden og Tine-ambassardøren har merka seg at auke interesse for reine råvare, spesielt i enkelte miljø og på sosiale media.
– Personelg synest eg det var fint å slå i, og pormoterer den gode mjølka me bønder leverer. Og så er det billegast å produsere og den vare som gir best økonomi i for oss bønder, seier Alise.
Tilbakemeldingane var berre positive. Ungdommar kom innom fleire gonger for å fylle opp koppen. Og dei fekk pøse så mykje dei ville.
Gal etter mjølk: Denne unge karen fekk påfyll fleire gonger, og pøste i seg. Guten kunne levd på mjølk om foreldra ikkje stogga apetitten, fortel faren. Frå Tine er det Alise Skadsem som fyller mjølk i glaset, og Toril Sele som er Tine-ambassadrar. Til høgre er Karl Kleppe. far til jenny.
Sjølvhogd ved til sals
Johanne (f.v.), Simen, Torjus, Adrian, Magnus og Andrine har rigga seg til med ein hengar med ved. Veden høgg dei i skogen hjå Andrine og Adrian, som bur på nabogarden til Jenny. Medan Andrine har fått hjelp av far med motorsaga og vedkløyvaren, har Torjus, Adrian og Magnus funne fram øksa og høgd mesteparten sjølve.
– Difor er vår kubbar litt tynnare enn Andrine sine. Men dei er lettare å få fyr på, forsikrar Adrian, som fekk øks til jul slik at han kan gjere jobben med eige utstyr.
Ein sekk kostar 100 kroner, og er det nokon som treng ved til vinteren, er det berre å gå inn på Facebooksida til mor, Gunn Anda, fortel ungdommen.
Tom for saft
Tilde (t.v.) og Benedikte selde heimelaga rabarbrasaft og syltetøy av jordbær og rabarbra.
– Me elskar rabarbrasaft. Den gleden vil me dele med andre, seier Benedikte.
Og gleda delte dei ut i små glas, og salet var den beste tilbakemeldinga. Jentene hadde med seg 28 flasker, og gjekk tom for saft lenge før folk begynte å gå heim.
– No har me bestillingar på 30 flasker til, seier Tilde.
Og rabarbra har dei i søkk og kav på garden til Benedikte.
Benedikte si syster, Jannike, selde heimelaga kort. Ho koser seg med å male og utfolde seg kreativt.
– Eg har ingen plan. Begynner berre å male og ser kva det blir, seier den unge kunstnaren.
Bonden er sjefen
Familien Orstad Sele tok seg god tid på turstien. Plukka litt gras til kua, som takka med å tygge det i seg. Eva (5) og Samuel (3) har vore på garsbesøk før, og er spesielt opptekne av dyra. Og av bonden.
– Det er bonden som er sjefen, seier Samuel.
Mor Kristine og far Leif Erik er imponert over Jenny som inviterer til gards.
– Det er mykje folk som bur i området, og det er fint at ho inviterer inn på garden, seier Kristine.
Leif Erik har merka seg at det er ein ny generasjon bønder som no tek over mykje av gardane på Jæren. Sjølv jobbar han i Gulv og Tak og har ein del oppdrag i landbruket, spesielt i grisehus som legg om til SPF.
– Det er imponerande å sjå at unge bønder er optimistar og vil satse på landbruk, når me veit kor mykje jobb og ansvar det er, seier han.
Slik eg såg føre meg
Jenny er strålande nøgd. Ho reknar med det har vore godt 500 besøkande på garden denne dagen. Hadde det kome dobbelt så mange, så skulle ho klart det også. Meiner Jenny.
– Jysla gildt. Alt gjekk etter planen og vart slik eg såg føre meg, seier ho.
– Fordi eg har så god hjelp, legg ho til.
Ikkje skumle
Theo (3) har mykje å fortelle Jenny. Han har sett hest og sau og ku og kalvar. Og nest etter dinosaurar, er kua ein favoritt. Spesielt dei svarte.
– Dei spring kjempefort, men dei er ikkje slemme. Dei er berre snille, seier Theo.
Møte mellom folk og dyr er noko som engasjerer Jenny. På sikt håper pedagogen og bonden å kunne bruke garden meir aktivt til slike viktige møte.
– Me såg det på TikTok. Og når det er open gard prioriterer me å reise, seier far til Theo.
Avløysarane Karen og Malika
Karen Schøld Sørheim (t.h.) og Malika Malmin Sigmundsen jobbar kvar si helg og ein kveld i veka kvar, som avløysar hjå Jenny. Drøymejobben, skal me tru dei to jentene. Ingen av dei er frå gard, men begge er elevar på Øksnavad. Malika på vg1 landbruk, og Karen på vg 2 naturbruk med dyrekunnskap. Begge drøymer om å drive gard ein gong i framtida, og Jenny er eit stort førebilete.
– Jenny viser at det går an, seier Karen.
– Det er heilt sjuk alt ho har fått til på kort tid, seier Malika.
Og ifølgje dei to er sjefen ein god pedagog.
– Ho viser oss først, så får me prøve sjølve og finne vår måte, seier Malika.
– Og me må berre ringe, uansett, om me lurer på noko. Jenny er veldig motivareande å jobbe for, seier Karen.
– Ho er full av idear, men veldig snill og omtenksam, og opptatt av HMS, legg Malika til.
Dei får mykje ansvar, og blir teke på alvor, noko Jenny sjølv meiner er viktig for at dei skal ta eigarskap til drifta og halde seg motiverte. Og dei blir teke med på råd når Jenny planlegg korleis ho skal utvikle garden.
– Når me jobber for Jenny får me bli med på ting som kanskje ikkje alle andre bønder finner på, seier Karen.