• Velkommen til gards! Leiar i Gjesdal Bondelag, Marit Epletveit, til venstre, og sekretær i Bjerkreim Bondelag, Bente Gro Slettebø til høgre. - Kjempekjekt, seier dei to i kor, og takkar alle som har stilt opp for å få arrangementet tli å bli ein suksess.

 

Søndag 23. august inviterte Gjesdal og Bjerkreim bondelag og vertskapet Magnus og Anne Karin Søyland, til åpen gård på Søya gard. 

Liv Kristin Sola

– Me er kjempetilfreds, sa leiar i Gjesdal Bondelag, Marit Epletveit, og sekretær i Bjerkreim Bondelag, Bente Gro Slettebø.

Etterlengta sol og varme skapte den beste ramma for arrangementet. Mange ulike aktivitetar, gjorde at ein måtte velgja kva en ville få med seg.

Marit trakk spesielt fram «Kubussen» som eit populært tilbod. Dyrehengaren var innreiia med to sofaer, i tillegg til godt med ståplassar. Med hjelp av hestekreftene frå traktoren, vart folk frakta rundt i utmarka. Mange tok ein tur for turen si skuld, andre nytta bussen for å koma til dei ulike aktivitetar som var der ute.

– Målet vårt med å spre aktivitetane ut i marka, var å visa mangfoldet på garden. Eit gardsbruk er meir enn tunet og fjøset. Me vil og visa dei store beiteressursane som har så stor verdi for landbruket, spesielt i Rogaland, sa Bente Gro Slettebø.

Overalt var det folk kledd i raude Open gard t-skjorter. Eit slikt arrangement gjer seg ikkje sjølv. Det krevs mykje planlegging og mykje folk til å gjennomføra arrangementet. Då er det lønn for strevet at folk får ei fin oppleving av norsk landbruk.

– Mange vart positivt overraska over at alle aktivitetane var gratis. Det kosta heller ingenting å koma inn. Det er ikkje volk vane med, sa Ivan Veen.

Arrangørane rekna at det var rundt 600 besøkande på garden dei timane arrangementet varte. Arrangementet på Søya, var eit samarbeid mellom dei to bondelaga i Gjesdal og Bjerkreim, Bygdekvinnelaga, Bygdeungdomslaget i Gjesdal og Gjesdal historielag. Arrangørane har fått noko økonomisk støtte frå kommunane.

 

Stikkord denne saka: