IMG_9234

Rektor ved Tveit vidaregåande, Randi Rettedal (t.v), fylkesleiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal og leiar i Tysvær Bondelag, Inger Johanne Bligård, inviterte til 25 årsmarkering av open gard på Tveit.




Søndag 29. mai arrangerte Tysvær Bondelag open gard-arrangement på Tveit vidaregåande skule for 25. gong.


Eirik Stople


– Arrangementet trekkjer folk frå heile Haugalandet. Ikkje minst byfolk frå Haugesund, fortel leiar i Tysvær Bondelag, Inger Johanne Bligård. Ho fortel om ein solid frivilleg dugnadsinnsats frå medarrangørane. Og her er alle med: Tysvær Bygdekvinnelag, Tysvær Bonde- og  Småbrukarlag, Haugaland Skoglag, 4H, Nedstrand Sau og Geit, samvirkeorganisasjonane Tine og Nortura, Tveit vidareåande, Tveit gard, og fleire.
– Vi har gått saman for å presentera landbruket for unge og eldre. Dei siste åra har besøkstala ligge på 3000 – 5000 besøkande, noko som gjer oss til landets største open gard arrangør, fortel Inger Johanne.

(Saka hald fram under biletet)

Hilde Hansen og barna Malin og Martin og Pia Djuv Opedal,  frå Frakkadjerd, har vore innom 4H sin stand og laga fugleholkar.

Hilde Hansen og barna Malin og Martin og Pia Djuv Opedal, frå Frakkadjerd, har vore innom 4H sin stand og laga fugleholkar.

For alle generasjonar

Vi opplever eit pulserande liv i det flotte parkområdet ved skulen. Her er unge barnefamiliar som har slått seg ned på plenen, folk med rullator og rullestol som er ute med barn og barnebarn, og masse aktivitetar for ungane. Og det er servering av grillmat og anna godt over alt. Dei som vil ha nærkontakt med dyra får rikeleg anledning til det.
Blant andre slår vi av ein liten prat med Hilde Hansen og barna Malin og Martin og Pia Djuv Opedal.
– Me har laga fugleholkar som me skal ha med heim til Frakkagjerd og til hytta vår på Nedstrand, fortel dei.

(Saka hald fram under biletet)

Trøtraktorar var på plass, som seg hør og bør på open gard. Alltid populært blant unge landbruksspirer.

Trøtraktorar var på plass, som seg hør og bør på open gard. Alltid populært blant unge landbruksspirer.

Landbruket på Haugalandet

– Me er inne i ein positiv trend. I år er det mange som har søkt om investeringstilskott for å bygge til ammekyr. Dessverre har samtlege søknader blitt avslegne, då Innovasjon Norge har prioritert søknader til utbygging av mjølkebruk i år, fortel bondelagsleiaren.

Tveit vidaregåande

Rektor Randi Rettedal fortel om ein naturbruksskule som har kome på offensiven, etter å ha vore nedleggingstrua. Det er for tida 56 elevar ved skulen fordelt på linjene naturbruk, landbruk, anleggs- og driftsoperatør og hest.
– Det er kjekt å sjå at fleire søkjer seg til landbruk, seier Rettedal. Internatskulen er viktig for Nedstrandsbygda. Skulen har 32 tilsette (22 årsverk). Av desse er 13 lærarstillingar.

Stikkord denne saka: