– Det er hektiske dagar på norturaslakteria på Forus, i Eigersund og i Sandeid. Nortura har nå teke over all slakting for Prima Jæren, fortel regionleiar Torgeir Erfjord.

– Det er hektiske dagar på norturaslakteria på Forus, i Eigersund og i Sandeid. Nortura har nå teke over all slakting for Prima Jæren, fortel regionleiar Torgeir Erfjord.

Gode heimebeite har gitt gode tilførsler av lam av  topp kvalitet. Marknaden stabiliserer seg for kylling, men kraftig overproduksjon av egg.

 

Eirik Stople

Bondevennen har hatt ein samtale med regionsjef Vest, Torgeir Erfjord, i Nortura, om marknadssituasjonen for kjøtt og egg. Bildet er ulikt for dei ulike husdyrslaga.

Lam

I juli og august tok Nortura imot 18 prosent fleire lam enn i 2014. Siste veka i juli, veke 35, blei det slakta 10.000 lam i regi av Nortura. Gjennomsnittsvekta var 22 kg og 91 prosent blei klassifisert som stjernelam. I veke 37 var det meldt inn 25.000 lam til Nortura på landsplan. Halvdelen av dette blir slakta på Forusanlegget.
– Nå er vi svært spente på kvaliteten på heielamma, seier Erfjord.

– Korleis er responsen i marknaden?
Vi er glade for å få inn lam så tidleg som muleg. Nå tek vi ut pinnekjøt og sender fårikålkjøtt ut i marknaden. Ute i matvarekjedane er vekene 37-40 dei store fårikålvekene. I denne perioden blir det kjørt kampanjar. At vi kan kjøra ein meirpris på tidleg slakta lam handlar om at vi til ei kvar tid må utnytte betalingsvilligheita i marknaden. Den gode tilgangen av lam vi har hatt i år, har gitt oss god mulegheit til å møte etterspørselen i marknaden.

– Er det fare for overproduksjon av lam?
– Det er svært gledeleg å sjå den responsen vi har fått med auka produksjon og ikkje minst betre kvalitet. Vi har ein skjør balanse, men dreg ikkje i nødbremsen. Det er truleg rett å avblåse vidare stimuleringskampanjar, inntil me, som marknadsregulator, får evaluert årets sesong. Ut frå dei erfaringane vi har hatt med svin, bør også Innovasjon Norge vurdere tilbod og etterspørsel i høve til å finansiere nye sauehus.

Svin

– Korleis er marknadsbalansen?
– Vi snakkar ikkje lenger om overproduksjon av svin. Reguleringslagera er for tida heilt tome, det er 10 år sidan vi hadde ein liknande situasjon. Dette betyr ikkje at dei kommersielle lagera er tome for svinekjøtt.
Grillsesongen har vore dårleg, og vi har ikkje nådd forventa sal. Dårleg grillsesong har i ein viss grad blitt kompensert med auka sal av kjøttdeig, som dessverre har svakare marginar enn grillkjøtt.
Marknadsbalanse kan ha ein viss samanheng med heftige rundar med nedslakting, på grunn av MRSA.

– Ubalanse mellom smågris og slaktegris?
– Vi opplever liten etableringslyst på gris, men har fått god respons på kampanjen om å få fleire slaktegrisprodusentar. Ubalanse mellom dei to produksjonane er uheldig for smågrisprodusentane og det blir heller ikkje ei optimal drift i slaktegrishusa. Når ein pressar tida mellom innsetta kan det gå utover hygiene.

Vidare utvikling

– Den vidare utviklinga av situasjonen rundt MRSA er ein stor usikkerheitsfaktor i næringa.
Med nytt avlsmateriale ser vi heile tida framgang på avlssida, med ein betydeleg betre vekst og avdrått. Berre 60 prosent av produsentane har full konsesjonsbesetning. Vi ser såleis eit vesentleg vekstpotensiale i næringa innafor dagens konsesjonsgrense, og ser ingen lampar som lyser i forhold til ikkje å nå marknadsdekning framover.

Storfe

– Korleis er marknadsbiletet?
Det store bildet er framleis ei veldig underdekning. Marknadspotensialet er tilsynelatande umetteleg.
Det er likevel positivt at auken i ammekyr nå er høgare enn nedgangen i mjølkekyr, om vi ser bort frå Nord-Norge. Det er særleg på Austlandet at ammekuproduksjonen veks. I Region Vest er det framleis kjøtt frå mjølkeproduksjonen som skaper dei store voluma. For tida opplever vi å ha altfor lite livkalv i forhold til etterspurnaden. Ut frå ein marknadsvurdering bør dei som sluttar med mjølk, nå heller tenke omlegging til ammekuproduksjon enn til sau.
Eit perspektiv som blir meir synleg er at vi treng meir storfe på våren og sommaren, om hausten kan det bli nok og vel så det. Vi ser ei utvikling med sesongtendensar, også på storfe.

– Kva særpregar ammekuproduksjonen?
Vi ser ei profesjonalisering. Nortura har eit omfattande avlssamarbeid med Tyr for å sikre livdyr av god kvalitet. Nortura formidlar oksar både til avlsbesetningar og til bruksbesetningar. Det er avgjerande for avlsframgangen at ein nyttar kåra oksar. Alt etter kva ressursar ein disponerer på garden vel ein mellom to typar kategoriar dyr. Charolais, Limousin og Simmental blir definerte som intensive rasar og går gjerne på ei intensiv fôring. Rasane Angus og Hereford er ekstensive rasar som er meir tilpassa ei fôring basert på grovfôr.

– Kva skal til for å auka kjøttproduksjon på ammeku?
– Det er eit spørsmål om økonomi. Vi er glade for dei budsjettmidla ein har oppnådd i dei siste jordbruksavtalane, knytta til kvalitetstilskott. Men det trengs meir for å gjera ammekuproduksjonen attraktiv.

Kylling

– Ser du ei lysning i marknadssituasjonen?
– Per dato har norturaprodusentane eit trekk i produksjonen på 15,21 prosent, som tilsvarar eitt innsett i året. For tida er salet større enn produksjonen, eit gap som blir nytta til å redusere lageret. Det er på alle måtar viktig å få ned lageret, også fordi frosen vare har ein langt lågare verdi enn ferskvare.
Vi ser at omsettinga har stabilisert seg, det merkelege er at salet av kyllinglår nå er høgare enn salet av filet. Ein heilt ny situasjon i forhold til det vi hadde tidlegare. Her ser vi ein fin effekt av innovasjonsarbeid og dialog med kundane.
Det store spøkelset er dei nye konsesjonsgrensene. Med dagens huskapasitet i kyllingnæringa, er det rom for ein produksjonsauke på 30 millionar kylling i året.

– Kylling utan narasin?
– Vi har nå kylling i marknaden, som er produsert utan narasin. Dette blir ein litt mindre intensiv produksjon og eit litt dyrare produkt. Vi forventar at kyllingen får ein positiv respons i marknaden.

Egg

– Når det gjeld egg har vi ein alvorleg overproduksjon som rammar økonomien til produsentane. Trass i at mykje egg er teken ut av marknaden ved førtidsslakting, er vi i ein situasjon med lageropphoping. På sist styremøte vedtok styret tre tiltak for å stabilisere marknadssituasjonen.
Tiltaka inneber at ein opnar for eksport av 500 tonn egg, at ein arbeidar vidare med forslaget om å kjøpe ut heile innsett og at ein ytterlegare gjer tiltak på marknadssida.
For å kunne finansiere eksporten blir avrekningsprisen sett ned med 30 øre frå 31. august.
Styret reknar med at nemnde tiltak vil vera tilstrekkeleg til å handtere situasjonen resten av året og i 2016, avsluttar Torgeir Erfjord.
9. september legg marknadsregulator, Nortura, fram marknadsprognose for dei ulike kjøttslaga og for egg.