Alt i ein tank: «Norsk Mjølkehandtering» kunne jobba for alle aktørar i marknaden, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjon: Bondevennen/Istock

 

På tide å tenke nytt rundt Tine Råvare

20. desember 2021

Går Tine for godt?

Øyvind Steinnes, bonde og skribent, Kjørmo i Lund

Dette er ein kronikk. Den gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.

 

Dårlege nyheiter kom til mjølkesektoren på tampen av året. Mjølkeprisen blir senka no på nyåret, til trass for rekordomsetning på mjølkeprodukt i 2021.

Reaksjonane på prisnedgangen let ikkje vente på seg. Ennå ein nedtur, og ennå eit argument for å avvikle drifta, meinte fleire. Med ein svakt stigande pris i EU, går norsk målpris attende. På sosiale medium blei det ikkje spart på krutet. Leiinga i Tine må ned i løn, hevda mange. Og kor er produsentlaga og dei tillitsvalde?

Felles inntransport

Dagens mjølkemarknad er på mange måtar vanskeleg, etterbetalinga er ganske stor, grunnpris minus eventuell kvoteleige er nede på europeisk nivå. Ein stor slump pengar kjem på etterskot, på lik linje med tilskot frå staten på arbeidet og kostnadane føregåande år. Det er ein frustrasjon mange kjenner på, både mentalt og på kontoen. Tine går kanskje litt for godt, blir det hevda. Grunnprisen på mjølka blir då skadelidande, fordi Tine ikkje kan flytte utbetalinga frå Tine industri til Tine Råvare. Tine Råvare skal vere eit nullsumspel for å levere mjølk til Tine Industri, Q, Synnøve Finden og andre aktørar i mjølkeforedlingsmarknaden.

I ein liberalisert mjølkemarknad må ein spørje seg om tida er moden for å tenkje heilt nytt rundt inntransport av mjølk. Kanskje også kjøt, for den saks skuld. Ein kunne tenkt seg ein felles aktør for heile mjølkesektoren og eventuelt ein annan på kjøt – la oss kalle det «Norsk Mjølkehandtering» og «Norsk Dyretransport». «Norsk Mjølkehandtering» kunne jobba for alle aktørar i marknaden. Felles bilpark og tilsette på innhenting. Tre dagars henting over heile fjøla, der ein kan. Ingen krysskøyring av noko slag med bilar inn mot meieri. Det burde vere øre å hente der, og dermed i tråd med årsmøtet sin marsjordre om høgast mogleg mjølkepris.

Kvitt monopolstempelet

Utad burde også dette styrke norsk mjølk. Det heng ennå igjen oppfattingar om at Tine har monopol, og linken mellom Tine Råvare og Tine Industri er der fortsatt – sjøl om Tine Råvare ikkje har andre val enn å krevje inn målpris og selje mjølka vidare i marknaden. Ein ny aktør kunne hatt alle logoane til kundane på bilane, og det kunne til dømes vore regionale inndelingar etter kvar ein bruker mjølka. Eg trur forbrukaren ville oppfatte dette som framoverlent, og at det hadde hjelpt Tine i å kvitte seg med monopolstempelet og linken til Tine Råvare.

Styrk tilliten

Innbakt i Tine Råvare ligg i dag også den lovpålagde rådgivinga. Denne vil også endre karakter i dei neste åra. Mange har reagert på at kostnadane knytt til dyrevelferdsprogrammet (DVP) ikkje blir dekka av meieriet. DVP vil overlappe både fjøsrunden til rådgivar og til kvalitetssystemet i landbruket (KSL). Overlappande reglar byggjer ned tilliten til systemet hos bonden, og er kostnadsdrivande. Her er det òg øre å hente når ting kjem i system.

På kjøtsida er det også mykje synergieffektar å hente på ny organisering. «Norsk Dyretransport» ville også kunne eliminert krysskøyring og halvtomme lass i lågsesong, samt ytt eit betre tilbod ved transport av livdyr. Det vil kunne ha effekt på botnlinja og utgjere noko som i sum styrkar næringa.

«Det hadde hjelpt Tine i å kvitte seg med monopolstempelet.»

Øyvind Steinnes