Bv kommentar:

Pelsdyrbøndene kapitulerer ikkje

Truga: Framtida for mink og pelsdyrhald i Norge er truga. Regjeringa vil fasa ut næringa innan årsskiftet 2024/25.

Sjur Håland, Bondevennen

Bertran Trane Skadsem (Foto: Norges Pelsdyralslag)

Det som har skjedd er mest ikkje til å tru. Marginale Venstre valsa inn i regjeringskontora frå sidelina og sytte for at  Norsk pelsdyrnæring er ei saga blott innan utgangen av 2024.

Sjokkmeldinga, som øydela det som måtte vera av søndagsfred for opp mot 250 norske pelsdyrfarmarar, kom som det kjente lynet frå klår himmel. Framtidshorisonten for dei mange som har satsa yrkeskarrieren og lånt seg oppover øyrene for å satsa på pelsdyrhald og eit liv i distrikta, vart i ein augneblink kolsvart.

Å ha medkjensle med yrkesstolte pelsdyrfarmarar som med tre pennestrøk har fått ei framtid som i høgaste grad er usikker, er ikkje vanskeleg. Å skjøna kuvendinga frå Høgre og Framstegspartiet er ei langt meir komplisert øving.

For eitt år sidan fekk pelsdyrbøndene fornya tillit gjennom eit stortingsfleirtal, sikra av nettopp dei to regjeringspartia, saman med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Pelsdyrnæringa har gjort eit formidabelt arbeid med å betra dyrevelferda og har nå blitt eit førebilete for bønder som driv med andre dyreslag. Frå første januar i år bidreg det nye dyrevelferdsprogrammet til enda strengare rutinar i farmane, og moglegheiter for enda betre kontroll frå det offentlege. Så snur Høgre og Framstegspartiet tvert, medan dei mange familiane som har inntekta frå pelsdyrhald, og som festa lit til det årsgamle vedtaket, i dag konstaterer at næringsgrunnlaget er i ferd med å forsvinna. Slikt gjer ufatteleg vondt for alle med eit varmt hjarta for norsk landbruk.

– Nå må me få tid til å summa oss litt og få oversikt før me lagar ein felles strategi vidare, seier Bertran Trane Skadsem, styreleiar i Norges pelsdyralslag til Bondevennen.

Snøkaos og uvêr har ikkje vore til hinder for ei intens møteverksemd mellom sentrale og regionale leiarar i Pelsdyralslaget og bøndene sine organisasjonar. Å gi opp og kapitulera for planane til den nye trepartiregjeringa er ikkje eit tema for pelsdyrbøndene, om dei er aldri så overraska og fortvila over det som har skjedd. Skadsem held fram at sjokkbølgjene råkar heile landbruket.

– Dette er eit slag under beltestaden for alle bønder og handlar om truverdet til heile den norske landbrukspolitikken. Kva tru kan norske bønder etter dette ha til andre politiske vedtak og ramevilkår, når framtidsplanar skal realiserast og lånepapir i millionklassen skal signerast, spør han.

Det er eit godt spørsmål. Det spøkjer for framtida for norsk pelsdyrhald samstundes som tilliten til styresmaktene, som er heilt avgjerande for vekst og framtidstru i distrikta, har fått eit alvorleg skot for baugen.

Norsk landbruk er i høgaste grad politisk og treng truverdige aktørar som er i stand til å leggja føringar, og stå for dei politiske vedtaka som blir gjort.

Å stola på dei som skal styra landet og utforma landbrukspolitikken blir ei langt vanskelegare øving, etter dette.