Første time: Ståande bak f.v.: May Britt Vikingstad, rektor Dag Jørund Lønning, Simon Ritland og Jarle Jørgensen. Sitjande, f.v.: Anne Grete Bjørknes, Nanna Bjelland Isdal, Marte Dale, Anniken Fure Stensrud, Helene Sonkunkaew Tråsavik, Magne Jacobsen, Helene Nordbø Hansen. Marte Olsen på skjermen.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling er landets første med kurstilbod i regenerativt landbruk, og har aldri hatt så stort studentkull. – Matnytta er stor, seier rektor Dag Jørund Lønning.

Sjur Håland og Bothild Å. Nordsletten

Eit par storfebønder, ein landbrukssjef, ein landskapsarkitekt og ein byutviklar. Agronomar, REKO-leverandørar, småbrukarar med andelsbruk, plantevitarar, avløysarar og matinteresserte.
Bondevennen er til stades under første førelesning på Norges første høgskulekurs i regenerativt landbruk ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). I rommet sit 12 studentar som har tatt turen til Bryne. Via videolenke kommuniserer dei med ytterlegare åtte studentar som sit spreidd rundt i landet. Studentkullet er ikkje berre mangfaldig kva gjeld bakgrunn, det er også det største skulen har hatt.
Studentane introduserer seg. Vibeke Evensen er spent. På videolenke frå Sykkylven nær Ålesund fortel ho om ønskje om å lære meir. Ho driv eit småbruk med marknadshage og sel kjøt frå frilandsgris og egg frå 100 høns gjennom REKO-ringen.

– Eg har lyst å lære å nye måtar å drive berekraftig på, og å byggje jord. Eg nyttar grisen no, men ønskjer meir beitedyr.

Det står ikkje på entusiasmen i rommet, men stopp ein hal – regenerativt landbruk – kva inneber det, og kva er det eigentleg studentane skal lære?

Pionerar

– Dette er eit heilt nytt fag, seier rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning.

Regenerativt landbruk

Eit system for prinsipp og praksisar i jordbruket som aukar naturmangfaldet, byggjer jord, aukar jordas karbonopptak og styrkar økosystemtenester, som til dømes reine vassdrag.

Kjelde: www.regenerativeagriculturedefinition.com

– Det er berre i USA dei har eit liknande tverrfagleg tema og moglegheit til å ta ei bachelor-grad. Regenerativt landbruk har lite med standard agronomifag å gjera. Her handlar det om tilhøvet mellom mennesket og naturen, og om korleis me kan bli inspirert av naturen i både åker og hage.

Lønning seier at kurset blir «ganske så utforskande».

– Her skal me blant mykje anna innom lokal samfunnsutvikling. I faget ligg heile spennet frå filosofi, til samfunnsvitskap og økonomi. Så skal me utforska den nye interessa og trendane kring dyrking av mat tett på naturen. Hovudpoenget med regenerativt landbruk er at me ikkje skal øydeleggja, men finna nye retningar for å fornya jorda, naturen, lokalsamfunn, økonomi og språk, understrekar han.

Rektoren spør seg sjølv om ekspertveldet har kome for langt.

– Me vil søkja å ta kunnskapen tilbake til dei som skal praktisera i sine yrke, seier han.

Matnyttig

Som mange andre, og med støtte i tunge rapportar frå FN, held Lønning fram landbruket som ein viktig del av svaret på klimakrise og mattryggleik. Difor er dette kurset så viktig, meiner rektoren.

– Me ser eit massivt naturmangfaldskollaps rundt oss, og me ser resultata av klimaendringane. Det blir avgjerande å tenkja annleis i tida som kjem. Landbruket har eit enormt potensial, men har blitt for snevert i forhold til utfordringane framover. Målet med regenerativt landbruk er å fremja det naturbyggande landbruket der fleire hender produserer mat, lagrar karbon i jorda og tek vare på lokalsamfunna, seier Lønning.

– Kva kan studentane bruka kunnskapen til?

Kurs i regenerativt landbruk

Handlar om korleis ny kunnskap om matjord skapar utviklingspotensial for næringsutvikling i landbruket og lokalsamfunnsutvikling. Ser på samspelet mellom menneske og naturressursane i landbrukslandskapet, og går inn på alt frå konkrete driftsteknikkar for å fremja naturmangfald til heilskapleg planlegging og forvalting, samt nyskapande forretningsmodellar som er tilpassa småskala, naturnær drift.
Studiet gir 30 studiepoeng og er organisert via samlingar ved HLB på Bryne, og sendast på livestream over heile landet.
Kjelde: HLB

– Eg vil seia at matnytta er stor. Omgrepet sirkulærøkonomi må inn i dei fleste samfunnsfelta framover. Det handlar om naturressursane rundt oss. Du skal ikkje mange generasjonar tilbake før menneska måtte ha ein enorm kunnskap om naturen for i det heile å overleva. Nå treng me denne kunnskapen for å handtera miljøutfordringane og klimaendringane.

Møter kritikk

Det har blåst ein del rundt Dag Jørund Lønning og skulen han leiar i det siste. Kritikarar peiker på at kurset i regenerativt landbruk har to av Lønnings eigne bøker på pensum, Jordboka 1 og 2, og at bøkene ikkje er fagfellevurdert.

– Forstår du kritikken?

– Jordbøkene var aldri vore skrivne som fagbøker, men som populærvitskaplege verk med eit breitt publikum som mål. Difor er spørsmålet om fagfellevurdering irrelevant. Bøkene er òg utprega tverrfaglege.

– Kvifor er det så få studentar på kurset frå skulen sitt oppland?

– Me har fleire frå Rogaland, sjølv om det berre er éin person frå midt på Jæren. Dette er ein nasjonal skule som rekrutterer studentar frå heile landet. For oss er det ikkje så viktig kor studentane kjem frå. Me har hatt ein god start på kursa våre i haust, det er det viktigaste.

Gir meining

Simon Ritland (23) er klar til å kasta seg over det nye studiet. Landbruksmekanikaren frå Suldal skal etter kvart overta heimegarden, eit konvensjonelt drive småbruk. Han ønskjer å driva så klima- og miljøvenleg som mogleg, men har mått leita seg fram til det han trur er rette måten.

– Eg var litt i tvil om landbruket og stussa over det me «måtte» gjera, som å bruke kunstgjødsel og kraftfôr til dyr. Eg tykte ikkje økologisk landbruk hadde svar, men då eg lærte om det regenerative, så gav det meining. Det var så logisk, seier han.

Ritland vil halde fram mjølkeproduksjonen på bruket.

– Eg vonar eg kan utnytta det enorme potensialet eg ser i regenerative metodar til å skapa ein mjølkeproduksjon med lågare driftskostnadar, og som gjer det enklare for unge å koma inn i denne bransjen. I tillegg ønskjer eg å bidra positivt til klima og miljø. Med gard som blir driven på ein god måte har eg jo ein enorm moglegheit til det. Om du driv med dyr har du særs bra føresetnadar for å lækja underpresterande økosystem.

Frå skjermen vinkar Marte Olsen (28). Ho kjem frå Oslo, men busette seg nyleg på eit småbruk på Dokka i Oppland. Her driv ho marknadshage og bloggen «Mat fra Oppland». Nationen skreiv nyleg om korleis Olsen dei siste månadane berre har ete mat frå fylket, ein kortreist-trend ho har mobilisert lokale matprodusentar for å styrka.

– Eg tek dette kurset for å vidareutvikla desse ideane. Eg trur me treng drastiske endringar i lokalsamfunna, seier den ferske bonden.

Lov til å vera liten

HLB var inntil nyleg organisert som eit samvirke med andelshavarar, men har no blitt ei sjølvstendig stifting med nytt styre. Frå nyttår blir namnet endra til Høgskulen for grøn utvikling. I følgje rektor Dag Jørund Lønning leiar han no den desidert minste høgskulen i landet. Det inneber ein evig kamp for tilveret.

– Om me har arbeidd i ein motbakke desse åra, er tema me arbeider med så viktige at samfunnet har behov for oss. Slike tema fell gjerne vekk på store straumlineforma institusjonar. Vår framtid er avhengig av politikarar som legg til rette for at me får lov til å vera små. Eg meiner me har ei viktig rolle framover, seier Lønning.

Stikkord denne saka: