• Ingunn Foss (til venstre) var imponert over bærproduksjonen hjå Brit Mjåland (til høgre).

Stolte bønder viser fram sine bidrag til norsk matproduksjon. Ingunn Foss (H) lar seg imponere.

 

Jane Brit Sande

 
Høgre si landbrukspolitiske talskvinne og medlem av Næringskomiteen på Stortinget, Ingunn Foss, vart invitert til å inspisere frukt- og bærsatsinga i Agder. Frå Marnardal i Vest-Agder til Grimstad i Aust-Agder gjekk ferda denne St. Hans-dagen. Vêrgudane spanderte på politikaren ein flott sommardag.

Økologiske bær i vinden

Første stopp var hjå Brit Mjåland, Mjåland i Marnardal. Ho dyrkar økologiske jordbær i tunell.
– Det er ei aukande interesse for økologiske bær. Kundar kjem køyrande langvegs frå, eg har blant anna ein kunde i Drammen, fortel ho.
Mjåland er bevisst på å ha kontroll langs heile linja. Plukk, kjøling og transport.
– Det må vere kvalitet heilt ut til sluttmarknaden. Ein dårleg kasse slår tilbake til oss, slår ho fast.
– Eg vil vite at produktet mitt blir godt handtert, sjølv dei små mengdene.
– Nisjeprodukter blir meir verdt i framtida, trur eg, sa Ingunn Foss.
Forutan privatpersoner og småbedrifter, har Brit Mjåland Dyreparken og Hakkebakkeskogen på kundelista. Dei har forskjellige idear og planer, blant anna å tørke bær, men Mjåland står berre for det byggetekniske.
– Ei av utfordringane eg har, er at jordstykkene mine ikkje er like rette som tunellane. Planen er å supplere med bærbuskar, for å utnytte arealet maksimalt, fortel ho.
På Mjåland Gard er det dyrka 5 daa med jordbærplantar, og det blir hausta tre tonn bær per dekar.
– Hjå oss er det ein og same pris gjennom heile sesongen. Det er eit val me har tatt, fortel Mjåland.
Mandalsbonden Knut Amund Leirkjær venter i spenning på resultatet av hardt arbeid.
– Knut Amund har det me kallar ”rekruttbær”, forklarar Ole Magne Omdal, prosjektleiar hjå Fylkesmannen i Vest-Agder.
– Han dyrkar på samme måte som økologisk, men det er karantenetid på jorda.
I løpet av 2016 vil det vere mellom 15 og 20 dekar med økologiske bær i Agder, får me opplyst. Men økologiske bringebær kjem ikkje med det første.
– Økologiske bringebær er ikkje mogleg i Agder, seier Jan Karstein Henriksen, Norsk Landruksrådgjeving Agder.
– Me har bringebærbilla, som gir ein kvit makk. Førebels har me ikkje preparat til å ta det, det blir for mange biller, held han fram.

Liv i Reddal

No var det riktig nok bær som var i hovudtema denne dagen, men ei vitjing i Reddal inneberer ei vitjing i Reddal Fellespakkeri. 13 produsentar har gått saman om eit produsenteigd pakkeri for tidlegpoteter.
– Reddal er desidert størst på marknaden dei første vekene med tidlegpoteter, heile 60 prosent, fortel Knut Salve Lunden, dagleg leiar i Reddal Fellespakkeri.
– Her i Reddal har dei eit sterkt fagmiljø. Dei er dyktige, og dei driv kvarandre opp, supplerer Henriksen, NLR.
Det har vore ein kald vår i store delar av Nord-Europa, noko som slår ut på prisane. Lunden fortel at poteter frå Danmark har i år helde same pris som dei norske. Reddal Fellespakkeri har ein intensiv sesong, der dei pakkar 2.000 tonn poteter frå juni til august.
– Me er oppe i 50 til 60 tonn per dag. Nokre dagar over 60 tonn, men dei dagane er vel hektiske, seier Lunden.

Ikkje berre poteter

På turen til Reddal var delegasjonen på synfaring hjå tre bærprodusentar. Jon Gaute Lunden, Byrge Kalvehagen og Aanon Midtstue har alle jordbær. Lunden og Midtstue har òg bringebær, og Midtstue har i tillegg rips, og har i år planta stikkelsbærbuskar.
– Desse planta eg i juni 2014, seier Midstue om jordbærplantane sine.
– I år er avlinga seinare enn normalt, den er 10-12 dagar forseinka, fortel han.
Men sesongen var godt i gang på Reddal, dagen før synfaringa vart det hausta 1,5 tonn jordbær hjå Midtstue.
– Prisen på jordbæra har vore god til nå. I slutten av veka var den på 55 kroner per kilo. I løpet av sesongen vil den falle nedover, helt ned til 25 kroner kiloet, fortel han.
– Me må heile tida følgje med på temperatur. Bommer me ei nått, kan det ryke bær for ein halv million kroner her, seier bærbonden.
I tillegg til jordbær, haustar Midtstue 10-15 tonn rips og vil på full produksjon hausta fem tonn stikkelsbær.
– Det kjem ikkje stikkelsbæravling her før til neste år. Då vil eg nok ikkje hausta meir enn eit par tonn. I 2017 ventar eg halv produksjon, medan frå 2018 vil det vere full produksjon, forklarar Midtstue.
Store investeringar er gjort i produksjonen hans, heldigvis med økonomisk støtte frå blant anna Innovasjon Norge.
– I investeringsfasen er støtte frå Innovasjon Norge meir verdifullt enn oppgjeret, seier han.

Kjedemakta

Ein politikar på produsentbesøk blir ikkje utan diskusjonar kring kjedemakta.
– Er det ei løysning på kjedemakta, utfordrar Ingunn Foss dei frammøtte, både produsentar, rådgjevarar, og representantar frå Fylkesmannen.
Dei frammøtte var samde om at det er gått for langt, og at det ikkje kan splittast igjen.
– Aktørane er for store, og produsentane er for små. Det er rått parti, vart det sagt.
Dei frammøtte etterspurte om det er problematisk med ubalanse i makta.
– I matkjedene er det vertikale eigarskap, og det kan regulerast. Det skapar ei fiktiv konkurranse, svarer Foss.
Som medlem av Næringskomiteen, har Ingunn Foss møte med Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug kvar veke. Dei frammøtte oppmoda Foss til eit arbeid med mål om at det norske folk skal setje pris på dei norske ressursane. Dei viste blant anna til liten bruk av sprøytemiddel som ein fordel for forbrukarane.
– Det er små marginar her til lands, det er ikkje rom for 20 prosent avlingstap. Dette stiller krav til rådgjevingsapparatet, sa Omdal, og oppmoda politikaren til å verne om rådgjevingsapparatet.

Stikkord denne saka: , , ,