Familieverksemd: Thor Refve (t.h.) har blant andre med seg sonen Thore og dottera Gunnvor i familieverksemda Reve Kompost.

Nyleg fekk Reve Kompost tildelt Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland for arbeidet med å danna organisk avfall til levande jord. – Det er utruleg kjekt når arbeidet vårt blir anerkjent på den måten, seier dagleg leiar, Thor Refve.

Jane Brit Sande

Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen på oppdrag frå Landbruks– og matdepartementet.

– Det er utruleg kjekt at Innovasjon Norge anerkjenner arbeidet vårt. Her i Reve Kompost tar me tak i eit felles problem og gjer det om til ein ressurs: Me tar imot organisk avfall og produserer levande, næringsrik kompostjord, seier Thor Refve, dagleg leiar i Reve Kompost.

Dei fylkesvise vinnarane får ein pengepremie på 50.000 kroner, og er med i tevlinga om den nasjonale prisen som inneber ein pengepremie på 250.000 kroner.

– Pengepremien skal nyttast til vidare utvikling i verksemda, seier Refve.

Investering og utvikling

Historia om Reve Kompost starta med eit ønske om å forbetra sandjorda på garden, som ligg i Klepp på Jæren, ytst mot Nordsjøen. Kunne jordforbetring med hjelp av kompost vere svaret? No har familieverksemda eit imponerande, høgteknologisk anlegg der heile 25 000 tonn organisk avfall blir omdanna til grøderik jord kvart år. Alt frå park– og hageavfall til slakteriavfall, marint restråstoff og husdyrgjødsel får nytt liv som kompost på Reve. Meitemark, mikroorganismar, varme og luft gjer komposteringsjobben.

– Jobben som meitemarken gjer, kan ikkje framstillast kunstig, seier Refve.

Thor Refve og Thore Refve junior har travle dagar når Bondevennen er innom like før jul. Nyleg er siste investering i ei rekke av fleire, blitt ferdigstilt.

– Det siste året har me investert 30 millionar kroner på lagerhall, serviceog administrasjonsbygg og ny teknologi, seier Thor Refve.

Prosessane

Når det organiske avfallet kjem til anlegget, blir det først sortert etter type avfall, og seinare blanda etter oppskrifter utvikla av Reve Kompost. Dei ulike blandingane blir køyrt inn i svære avfallstunnelar.

– Med hjelp av oksygen jobbar mikroorganismane og avfallet blir hygenisert (sterilisert, journ.meld.), seier Refve junior.

– Me må vite korleis mikrobelivet fungerer. Dersom noko er gale, stopper heile produksjonen, seier han.

Thore Refve junior er utdanna biokjemikar ved Universitetet i Stavanger. Frå mobiltelefonen i lomma og datamaskinen på kontoret har han full oversikt over alt som skjer på anlegget til ei kvar tid. I det nye servicebygget kan han også boltre seg på eige laboratorium.

Inne i avfallstunnelane dannar mikroorganismane varme. Avfallsblandinga må vere 70 grader varm i ein time for å bli hygenisert. I ein «ammoniakkscrubber » blir utsleppslufta reinska for ammoniakk. Sidan går lufta gjennom eit biofilter, ein silo full av knuste trerøter.

Når avfallet kjem ut frå avfallstunnellane, er det blitt ein fin humusmasse. Humus aukar jordas evne til å halda på næringsstoffer og vatn. Den har også positiv påverknad på strukturen i jorda.

– Store partiklar i humusen blir silt ut, og får ein ny runde i avfallstunnelen. Det er også positivt for bakterieutviklinga i den nye blandinga, seier Refve junior.

– Det er altså ingen restprodukt i vår produksjon, seier Refve.

Humusen blir sjølvsagt høveleg testa for å vere sikre på at prosessen har fungert, og at jorda er levande.

– Sjå her, seier Refve junior, og løftar lokket på ein av dunkane som står i ei rekke langs veggen.

– Fullt av yrande meitemark, eit godt teikn på levande jord, seier han.

Vil redda alt avfallet

Reve Kompost erfarer at etterspurnaden etter både ferdig kompostjord og levering av organisk avfall har vore stigande dei siste to åra. Men mykje av avfallet i landbruket endar framleis utanfor verdikjeda, i følgje Refve.

– Me vil hjelpa landbruket med overskotet av organisk avfall. Det kan gjere nytte av seg i hagar og anlegg, og noko kan også gå tilbake til landbruket gjennom spesialtilpassa kompost-reseptar, seier Refve.

Gjennom gjødselplanlegging og stadig aukande kunnskap om det universelle jordlivet kan kompost spele ei viktig rolle for lagring av karbon og betre utnytting av jord, i følgje Refve og Refve junior.

– Som vekstmedium ser me også potensial med tanke på ei stadig utfasing av torv og torvbaserte produkt, seier Refve junior.

Når den nye gjødselforskrifta kjem, vil truleg mange bønder mangla spreieareal.

– Då kan dei separera gjødsla, og så kan me ta imot den tørre delen, seier Refve.

Frå myse til brennevin

Bilde av Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad inne i bryggeriet

Vinnarane i Vestland: Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad i Gardsbrenneriet AS. Foto: Privat.

Gardsbrenneriet AS i Gloppen stakk av med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland for 2020.
Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad er begge utdanna kjemikarar frå NTNU. I 2009 flytta dei til Gloppen og overtok fruktgarden til familien til Vik Bergstad. Dei etablerte Gardsbrenneriet i 2015. Her har dei bygd opp ein produksjon av ulike typar likør, sider og alkoholfri most, både med og utan kolsyre. Kundane er i all hovudsak butikkane til Vinmonopolet. Dei leverer også til lokale butikkar, hotell og restaurantar.
Enkelte av produkta blir produsert med uttrekk (geist) og ikkje destillasjon. Dette var dei ein av dei første i landet til å gjera. I tillegg har dei no utvikla eit heilt nytt produkt der dei, som dei første i Norge, utviklar brennevin basert på eit overskotsprodukt frå meieria; nemleg myse. Fram til no har all landbruksetanol (brennevin) vorte produsert av Hoff Potetindustri. Her kjem Gardsbrenneriet inn som ein ny aktør i marknaden for brennevin.

Kjelde: Innovasjon Norge
Foto: Privat

Hylla for hyll

Bilde av Hylleblomstentusiast Mie Dahlmann Jensen

Vinnaren i Vestfold og Telemark: Hylleblomstentusiast Mie Dahlmann Jensen. Foto: Lisbeth Felida Aasbjørnsrød

I Sauherad, fruktbygda i Midt-Telemark, dyrkar og sankar Hyllest AS økologiske hylleblomster på Rinde Gard. Blant kundane er det fleire Michelin-restaurantar, blant anna Under i Lindesnes.
Verksemda vart starta og blir drive av Mie Dahlmann Jensen, som er dansk hylleblomstentusiast og busett i Telemark sidan 2001. Hyllest dyrkar råvarene på Rinde Gård i Sauherad, og har leigeproduksjon hos Epleblomsten AS.
Blant produkta kan me finna ulike typar hylleblomstdrikk, reine eller blanda med rabarbra eller ingefær, Hylleblomstsirup, og Bærhyllest som er basert på bæra frå hylletreet.
Hyllest AS starta i 2013. Dei første åra var det produksjon på rundt 500 flasker, men dette danna grunnlaget for ein betydeleg auka produksjon. I 2019 hadde verksemda ein omsetnad på ca. 750.000 kroner.

Kjelde: Innovasjon Norge