I same bås? – Me må våge å snakke saman og diskutere dei krevjande spørsmåla, seier Arthur Salte, rådsmedlem i Tine. F.v. Arthur Salte, Geir Vestly, leiar av produsenttenesta i Q-meieriene og Bent Myrdal, administrerande direktør i Q-meieriene underviste elevane ved VLJ.

– Norske mjølkeprodusentar er heilt avhengige av eit sterkt Tine, seier Bent Myrdahl, direktør i Q-meieriene. – Det er import som truar norske mjølkebønder, ikkje Q, seier Arthur Salte, rådsmedlem i Tine.

Liv Kristin Sola

Etter oppmoding frå elevane, inviterte lærar ved Vinterlandbruksskulen på Jæren (VLJ), Bjørn Lende, like godt både Q-meieriene og Tine inn i klasserommet onsdag før jul. Tema var marknadsordningane og konkurransesituasjonen for mjølk.

– Me har både Tine-eigarar og Qleverandørar i klassen, noko som kan gje friske diskusjonar, seier Lende, som sjølv er mjølkeprodusent og Tine-eigar.

Seriøse konkurrentar

– Me skal ha trykk og show i manesjen, men når vi kjem på bakrommet, i garderoben etter kampen, er stemninga venskapleg, seier Bent Myrdahl, administrerande direktør i Q-meieriene.

Han meiner at Q har eit avklart forhold til Tine, noko han blant anna forklarar med ei felles forståing for grunnleggjande prinsipp for den norske mjølkebonden:

  • Landbruk over heile landet er avgjerande for å klare å oppretthalde ein høg mjølkepris til bonden.
  • Samvirket skal og må vere den dominerande aktøren i den norske marknaden. Det er ein føresetnad for å ha landbruk i heile landet.

– Bøndene på Jæren bør vere glad for at bønder i Finnmark og på Vestlandet held liv i produksjonen med mindre kvotar og eit mindre produksjonsgrunnlag. Dei sikrar reguleringsordningane og er dermed ein garanti for mjølkeprisen også til dei store bøndene, seier Myrdahl.

– Me veit av erfaring frå andre land, at når produksjonen vert sentralisert, vil mjølkeprisen til bonden falle kraftig. Å vere litt storbonde i eit småskala landbruk, er ein draumesituasjon, seier Q-sjefen.

Komplisert, men viktig

– PU-ordninga er avgjerande for den norske mjølkebonden. At den er komplisert gjer den ikkje mindre viktig, slår Myrdahl fast.

Han minner om at ordningane med målpris, prisutjamning, omsetningsmidlane og importvernet heng nøye saman og er heilt avgjerande for høg mjølkepris.

– Raknar ein av pilarane fell alt som eit korthus, seier Myrdahl.

Han understreker at Q har det same skjebnefellesskapet med sine leverandørar som Tine har med sine, og nytta høvet til å avkrefte myta om at Q-meieriene ønsker priskonkurranse og låg mjølkepris.

– Kvifor skulle me ønske det? Som Tine, er også Q heilt avhengig av bønder med god og stabil økonomi. Svekka mjølkepris svekker investeringsviljen i næringa. Utan mjølk, ingen meieridrift, seier Myrdahl.

Viktig med eigne leverandørar

Q-meieriene har i 20 år vald å vere lojal mot PU-ordninga sjølv om dei reint bedriftsøkonomisk ville tent på å få den fjerna. Som konsummjølkmeieri betaler Q inn 105 millionar meir enn dei tek ut or ordninga, inkludert tilskot til konkurransefremjande tiltak.

– Utan robuste bønder som er investeringsdyktige og har tru på framtida, har heller ikkje Q ei framtid, seier Myrdahl.

Mykje av konflikten står kring midlane til konkurransefremjande tiltak. Myrdahl forsvarer overføringane og meiner dei er heilt avgjerande for at Q-meieriene kan halde fram med meieridrift med eigne leverandørar. Men han støttar Bondelaget sitt utspel som føreslår at midlane vert finansiert over statsbudsjettet. Ei løysing som ville frigjort midlar og styrka PU. For Q-meieriene hadde det også løna seg å kjøpe all mjølk frå Tine Råvare, til noteringspris. Å halde seg med eigne leverandørar aukar råvareprisen betydeleg samanlikna med noteringsprisen frå Tine Råvare. Likevel ønsker Q-meieriene å ha eigne leverandørar.

– Eigne leverandørar gir kunnskap og auka forståing av varestraumen og heile verdikjeda. Samstundes held det oss skjerpa at me har leverandørar som held oss litt i øyrene, seier Bent Myrdahl.

Q-sjefen er likevel klar på at konkurransen til Tine ikkje må bli så stor at konsernet vert svekka.

– Det vil svekke økonomien til alle mjølkebønder, seier Myrdahl.

– Ja, me krangler, men me kan også kjempe i lag for å få fram viktige bodskap, som når me fekk fjerna avgift på yoghurt, seier Myrdahl.

Eit rabalder

Stortinget vedtok i 1997 at det skulle vere konkurranse i mjølkemarknaden. I 1998 vart Jæren Gardsmeieri etablert med 36 produsentar. Gardsmeieriet og Gausdal meieri vart seinare til Q-meieriene.

– Det vart eit rabalder då Gardsmeieriet kom, men no er me vane med konkurranse her på Jæren. Faktisk har eg fleire kollegaer i Klepp som leverer til Q enn til Tine, seier Arthur Salte, og viser til at Q har 51 prosent av mjølkevolumet i Klepp.

Salte har vore svineprodusent sidan 1994 og starta med mjølkeproduksjon i 2014. I fjor vart han vald inn i Rådet til Tine.

– Eg vil vere ein engasjert eigar og eg vil ha råvaremakt. Difor valde eg samvirke. Men det valet må kvar ta for seg, seier Salte.

Den store utfordringa

Salte er ikkje i tvil om at sunn konkurranse er skjerpande og skapar innovasjon og mangfald.

– Tine treng konkurranse og me skal vere glad så lenge det er Q me konkurrerer med. Den store utfordringa er import, seier Salte.

– Importen har eksplodert. Kva gjer me? Ingenting? Det er utfordringa vår, folkens. Det går ikkje over av seg sjølv. Me er heilt nøydd til å gjere noko. Elles vil importen overta heile marknaden. Tal for import av ost viser ein auke frå 8500 tonn i 2008 til 15.000 tonn i 2018.

– 15.000 tonn ost er 150.000 tonn mjølk. Det er 10 prosent av kvoten din, produsert i utlandet, seier Salte.

Salte utfordrar elevane til å forstå kva som skjer og gjere bevisste val i butikkhyllene – og diskutere det i venneflokken.

– På Bryne vidaregåande skule er det sjokolademjølka Cocio som sel best. Kven eig Cocio? Svensk/danske Arla, seier Salte og viser til at dei har 16 medarbeidarar i Norge, har norsk nettside og tilset i desse dagar ein marknadssjef i Norge.

– Det er ikkje Q-meieriet som er utfordringa. Når importen aukar tapar du kvote. Det handlar om di framtid som mjølkeprodusent, utfordrar Salte.

Avhengig av marknadsordninga

Marknadsordningane starta så smått på slutten av 30-talet for å jamne ut pris. Ordninga gjer at alle mjølkeprodusentar er sikra same mjølkepris uavhengig av kor dei bur eller kva mjølka deira vert nytta til. Inntektene kjem frå avgift på konsummjølk og fløyte.
Jordbruksforhandlingane og marknadsordninga med Tine si forsyningsplikt og mottaksplikt er unik i verdssamanheng. Men PU-ordninga vert i praksis styrt av landbruksministeren. Han treng ikkje stortinget for å gjere endringar.

– Me har ein historisk høg mjølkepris, men kor lenge held det? Ordninga er skjør. Sal av konsummjølk er redusert med 27 millionar liter berre det siste året. Det svekker finansieringa, seier Salte.

Ein høg mjølkepris er avhengig av mjølk i heile landet. Alternativet er konkurranse med utlandet.

– Då er me selde, seier Arthur Salte.

Tabellen viser ei oversikt over inntekter og utgifter i PU-ordninga, totalt, og Q-meieriene sin del. Kjelde: Q-meieriene.