Klare for torghandel: Åge Kolnes (t.v.), Torborg Vistvik, Anne Tønnessen, Helge Todnem, Janne Gro Kleivan og Hilde Løge gledde seg over at det endeleg var opningsdag.

Bønder på Randaberg er ei sentral brikke i å auka sentrumsaktiviteten i bygda. Nyleg debuterte eit knippe av dei som torghandlarar.

Jane Brit Sande

Travle bønder står på for å få torgboden til å bli klar til opning. Spente kundar har allereie begynt å snusa på varene, og er på plass i god tid før snorklipping.

– Torghandel i Randaberg sentrum er noko eg har hatt lyst til i fleire år, seier Helge Todnem, pensjonert bonde og initiativtakar til i torg-prosjektet, til Bondevennen.

Mot slutten av fjoråret tok han kontakt med eit knippe bønder i kommunen som alle hadde gardsutsal i eigne tun. Kanskje dette kunne vere noko for dei?

– Det viste seg at også dei hadde grubla på om det var mogleg med torgsal her i sentrum. Då sette me i gong, seier Todnem.

Seks produsentar i kommunen skal samarbeida om torgsalet. Saman har dei danna Bondens skjønt og grønt AS. Første torgdag var 14. mai, og torget skal vere ope kvar torsdag til laurdag, ut september månad. Bøndene skal selja egg, poteter, grønsaker, urter og salat, og eple og jus.

Med draghjelp frå kommunen

Prosjektet med å etablera eit torg der bønder i kommunen sel eigne varer, er forankra i sentrumsutviklinga i kommuneplanen, og er lagt inn i budsjettet for sentrumsutvikling. Kommunen har allereie eit godt etablert samarbeid med Randaberg Landsbyforening, og derfor vart torgprosjektet ein del av dette samarbeidet. 

Endeleg: Helge Todnem har hatt ein draum om torgsal i mange år. Han fekk med seg eit knippe lokale produsentar på satsinga.

Må ha egg også: Torborg Vistvik har lenge hatt sjølvbetent eggutsal på garden. – Dette er veldig spanande. Og så må det jo vere litt egg blant alle grønsakene også, seier ho.

Landsbyforeninga fekk ansvar for gjennomføring, oppfølging og administrering. Det første året med torghandel er eit testår, og bøndene som er med betalar ikkje deltakaravgift. Dei neste åra skal dei betala ein prosentdel av omsetnad.

Startar i den rette tida

Helge Todnem seier at produsentane har tre overordna mål for torgsatsinga.

– Det første er at me ønskjer aktivitet i sentrum, og å sette Randaberg på kartet. Me ønsker også å sette fokus på matproduksjonen i kommunen, og det flotte landbruket me har her. Til sist vil me vise at dette er økonomisk berekraftig, seier han.

Produsentane ser også fram til å treffa kundane, då dei fleste har sjølvbetente gardsutsal. Men dei skal ikkje alle vere til stades kvar torghelg.

– I staden har me blitt samde om ei ordning der me rullerer på å selje varene på vegne av alle produsentane, seier Todnem. Todnem trur at torghandelen startar opp i den rette tida.

– Eg trur at folk vil ut til dei lokale produsentane for å handla. Folk vil ha ein relasjon til produkta og maten dei vel. Dette er noko som har blitt sterkare dei siste åra, seier han.

Klare for pallekarmen: Det er fortsatt litt tidleg i sesongen for grønsakssal. Hilde Løge selde planter klare for pallekarmen. – Det er eit auka fokus på sjølvforsyning, seier ho.

– Meir enn ein «gimmick»

Ordførar Jarle Bø (Sp) var tydeleg stolt på opninga av torghandelen.

– Randaberg er «Den grønne landsbyen ». Her har me naturgitte forhold med ein tidleg vår og ein sein haust. Dette vil me visa til folk, og bruka for å skapa liv i sentrum, seier han til Bondevennen.

Ordføraren har tru på at torghandelen i Randaberg vil fungere.

– Lokalprodusert mat går ikkje av moten. Måten bøndene har valt å organisera seg på, tyder på at dei har lagt opp til at dette er noko som skal vare. Dette er meir enn ein «gimmick», seier Bø.

Han meiner at også resten av næringslivet i sentrum kan hausta av satsinga til bøndene.

– Eg trur torghandelen vil bidra til auka handel i butikkane i sentrum. Dette er eit kjempebra tilskot i sentrumsutviklinga, seier Bø.

Trur på lokalmat: Ordførar Jarle Bø (Sp) har tru på satsinga til bøndene. – Lokalmat går ikkje av moten, sa han under opninga.