Sørlandshavre: Ein lastebil med havre frå Mjåvann Kornmottak tømer lasta på Kvalaberg. Havren går gjennom ein kornreinsemaskin og vidare direkte i kraftfôrproduksjonen.

Felleskjøpet Rogaland Agder får inn meir korn frå Agder og Rogaland i 2019 enn året før. Men ei god veke ut i september er langt frå alt berga.

Sjur Håland

I det Bondevennen går i trykken har store nedbørsmengder hindra siste del av skuronna i Rogaland og på Agder.
Per 3. september hadde Felleskjøpet Rogaland Agder vege inn 6700 tonn lokaldyrka korn. Det er like mykje som samla volum i 2018. Bygg dominerer framleis med 5.200 tonn, medan havren utgjer 1.400 tonn. Verksemda anslår at samla kornmottak på Kvalaberg vil bikka 8.000 tonn etter at siste treskaren er parkert seinare i haust.

Manglar 10-15 prosent

Olaus Kvål er ansvarleg for kornmottaket til Felleskjøpet Rogaland Agder på Felleskjøpets forsøksgard på Klepp. Det er her kornet frå Hå, Time og Klepp blir teke i mot. Så langt er 1.900 tonn skore og levert her. På Vanse er 570 tonn motteke, medan Mjåvann Kornmottak i Kristiansand har teke i mot 1730 tonn. Resten er vege inn direkte på Kvalaberg. Nokre dagar inn i september, med blygrå himmel og regn i lufta, antek Kvål at det står att 10-15 prosent av kornet ute på åkrane på Jæren.

Grei kvalitet

Kvål forklarar den låge kornmengda i fjor med at ein heil del av åkrane nytta til fôrkonservering ute på gardane for å avhjelpa grovfôrsituasjonen. Han karakteriserer eit vassinnhald på under 20 prosent på det treska kornet som bra.

– Korleis er kvaliteten i år?

– Den ser rimeleg grei ut. Det første me fekk inn var blautt, men kornet som kom inn godvêrsdagane sist i august, var svært bra. 

Olaus Kvål

På forsøksgarden blir kornet vege og teke prøve av. På det meste låg 600 tonn på lager her. No er alt kjørt til Kvalaberg kor kornet blir tilsett konserverande syre før det etter kvart går inn i kraftfôrproduksjonen.

Verdifull halm

– Er det økonomi i å dyrka korn til mogning?

– Då må du helst spørja bøndene. Oppgjersprisen er 2,80 kroner kiloen. Haustar du 600 kilo på målet og unngår trekk, bør det vera grei økonomi. Dyrkingskostnadane er avgrensa til jordarbeiding, såing, gjødsling, sprøyting og hausting. Så er det jo slik i vårt distrikt at halmen er mest like mykje verd som kornet, særleg om han blir berga tørr.

Oppdrag på vent

På vent: Njål Stokka i porten i maskinhuset med skurtreskaren i bakgrunnen.

Det same håpet om lagleg vêr til resten av skurden har veteranen Njål Stokka frå Nærbø. På garden, som sonen, Terje Stokka, driv i dag, har dei dyrka korn i «alle» år. Njål er maskininteressert og tresker også for bønder rundt om i distriktet.
Til saman tresker han om lag 800 mål denne hausten. På garden på Torland står bygg og kveite og ventar på å bli skore. I tillegg har han oppdrag hjå andre som ligg på vent.

– Nå byrjar kornet å lida under vêret. Men dette har me vore borti før, det plar laga seg til slutt, seier han.

Mindre til mogning

Stokka registrerer at korndyrking til mogning på Jæren går ned.

– Særleg har det minka dei siste åra. Men samstundes har det nok blitt dyrka meir korn til heilsæd, seier han.

– Kvifor skal jærbonden dyrka korn?

– Kva skal dei elles dyrka? Dei som ikkje har dyr på garden har ikkje så mange alternativ. Lønsemda i grasdyrking og fôrproduksjon til sal varierer sterkt. I korn er dei faste kostnadane like frå år til år. Det er avlinga som avgjer resultatet.

Kan bikka 700 kg

– Kva er ei god avling?

– Ei skikkeleg god byggavling kan vippa 700 kilo, medan normalavlinga ligg ein stad like over 500 kilo.

– Korleis blir avlinga i år, om de greier å berga alt kornet?

– Det ser tolleg bra ut. Vekstsesongen har vore god. Me fekk sådd i april og hadde glimrande vekseforhold ut juli. Etter det har det vore blautt, men temperaturen har vore god.

På garden har dei 150 mål kveite som skal treskast i haust og seljast som fôrkorn.

– Kveiten trivst og veks godt, betre enn bygg. Ulempa er at kveiten blir seinare mogen, seier Stokka.