Viktig arbeid: No Limitation AS gjer eit viktig arbeid for menneske som slit med rus, kriminalitet eller psykisk sjukdom. Gardsarbeid er ei sentral brikke i rehabiliteringa. No treng verksemda meir plass, og frir til bøndene.

No Limitation AS har i fleire år brukt gardsarbeid for å betre livet til menneske som slit med rus, kriminalitet eller psykisk sjukdom. No treng dei meir plass.

Jane Brit Sande

På ein gard på Kverneland i Time kommune, Rogaland, blir liv endra. Eit større tal menneske har, med hjelp av trening på sykkel og arbeid i fjøs, gått frå ein kvardag med rus, kriminalitet eller psykisk sjukdom, til eit liv fri for desse utfordringane. Men no er det trongt om plassen.

– Med støtte frå Stortinget, og i samarbeid med NAV, og Klepp, Time, Hå og Gjesdal kommune, skal me hjelpe mange fleire i eit prosjekt som skal gå i tre år. Men me treng meir plass, seier Grete Storm-Johansen, dagleg leiar og grunnleggar av No Limitation AS.

– Me håpar det finst ein gard ein stad på Jæren, som kan passe prosjektet vårt. Den store draumen er ein gard me kan kjøpe, seier ho.

Frir til landbruket

Storm-Johansen skryter av godt samarbeid med bonden som eig garden der dei no er. Gardsdrifta er ei viktig brikke i rehabiliteringa av og arbeidstrening for deltakarane i No Limitation.

– Tre dagar i veka gjer No Limitation delar av gardsarbeidet. Me har ein god dialog med bonden om kva som skal gjerast. Det er plassmangel her som gjer at me løfter blikket og vil flytte på oss, seier ho.

No Limitation treng plass til fellesareal og garderobar, treningsrom, samt lager for produksjon av plantekassar og sittebenkar. Dei skal også laga til tre sjølvstendige bueiningar, eller anneks, som skal fungere som ekstraseng – eit viktig tilbod for dei som kjempar mot rusen.

– Dersom ein misbrukar får eit tilbakefall, må han gjerne vente fleire veker for plass på Rogaland A-senter. Det er ikkje haldbart. Her kjem desse bueiningane inn som ei god løysing, seier Storm-Johansen.

Der skal deltakarane bu medan rusen går ut av kroppen. Med dette tilbodet får deltakarane høve til å fortsatt vere ein del av kvardagen og arbeidet til No Limitation.

– Hjå oss har deltakarane noko å gå til; ein meiningsfull jobb og eit fellesskap. Det er viktig at dei får halde fram med å vere ein del av dette, seier Storm- Johansen.

Vinn-vinn

Storm-Johansen håpar på samarbeid med ein ny bonde.

– Dette er ein vinn-vinn situasjon for begge partar, seier ho.

– Me får ha ein stad der me kan hjelpe deltakarane ut av rus og ein vanskeleg kvardag. Bonden får hjelp med drifta. Me står for arbeidskraft og dekker sjølve dei utgiftene som kjem i samband med ombygging, oppussing, og tilrettelegging for drifta vår.

Men eit samarbeid på denne måten er ikkje for kven som helst.

– Bonden må vere ein som har tru på prosjektet, som vil hjelpe andre i ein vanskeleg situasjon, og som heier på oss, seier Storm-Johansen.