Tilgjengeleg: Dirk Kohlmann, redaktør for bondeboka.no, vil at nettstaden skal gje gode svar til bønder og forvalting. Foto: Torleiv Skage, Fylkesmannen i Vestland

Bondeboka.no tek mål av seg å vera ein oppdatert kunnskapsbase for vestlandsbonden, som guide gjennom jungelen av ordningar, lover og reglar.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Anten du er i ferd med å overta gard, vil satse på kyr eller solbær, har byggjeplanar eller pønskar på pensjon – så kan Bondeboka.no bringa deg nærare svaret.

– På samlingar med kommunar var det alltid spørsmål etter kva dei skulle svare bonden på spørsmål om det å drive gard, det juridiske, tilskotsordningar osv. Me fann ut at det mangla ein «Bondens ABC», seier Dirk Kohlmann, fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar hos Fylkesmannen i Vestland.

Oppdatert og lettfatteleg

Arbeidet med Bondeboka starta for to-tre år sidan. Først kom ei brosjyre, seinare ein nettversjon. I haust vart Bondeboka. no revidert og lansert i ny og oppdatert versjon. Det er Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Vestland som står bak Bondeboka.no, med Dirk Kohlmann som redaktør.
Men sjølv om Bondeboka.no er meint for vestlandsbønder, vert nettsida flittig brukt av bønder, kommunar og rådgjevingstenester over heile landet. Det viser nettrafikken.

– Heftet me først laga hadde mykje forvaltningsspråk, fordi det var kommunane som etterspurte informasjonen. Då me laga nettversjonen, ynskte me å laga noko som bøndene kan bruke, og som enkelt kan oppdaterast, seier Kohlmann.

Når ein går inn på Bondeboka.no, ser ein raskt at det er lett å orientera seg, og at kvar underside har linkar vidare til instansar på kvart fagfelt/tema.

– Bondeboka er systematisert ut frå sentrale tema i bondekvardagen, og på ein slik måte at du raskt finn fram til det du vil vite meir om, seier Kohlmann.

Noko for alle driftsformer

Bondeboka har kapittel om å eige gard, oppstart, drive gard, mjølk, storfe, sau, geit, fjørfe/svin, grønsaker, frukt/bær, skogbruk, tilleggsnæring, lokalmat og klimasmart landbruk. Og kvar av sidene har mange undersider å velje mellom. Viss du til dømes klikkar på «Drive gard», kan du velja tema om alt frå rekneskap og skatt, avløysar, tilskot og pensjon, driftsplan og gardskart til spørsmål om «korleis har du det i kvardagen».
Etter samanslåinga til Vestland fylke, fekk Fylkesmannen si landbruksavdeling nye kollegaer som alle har bidrege med sine spesialfelt til Bondeboka.

– Som bonde er det mange instansar ein må forhalda seg til innan lover og tilskotsordningar. Landbruket er også i endring, så me ynskjer å fange opp dynamikken i det som skjer. Både den tradisjonelle bonden, og dei som ynskjer å drive med litt anna, skal finne fram til mogleigheiter i Bondeboka.no, seier Dirk Kohlmann.

Hos Fylkesmannen i Vestland tykkjer dei det er stas at nettboka blir besøkt av bønder og forvalting frå heile landet, og dei tek gjerne imot innspel til korleis nettstaden kan bli endå betre.