(frå venstre) Harald Støyl, Knut Helmer Feltstykket, Sigbjørn Haslemo og Frank Bjerg Sigvaldsen (delvis skjult) hadde tydeleg vore med på brettedugnad før.

(frå venstre) Harald Støyl, Knut Helmer Feltstykket, Sigbjørn Haslemo og Frank Bjerg
Sigvaldsen (delvis skjult) hadde tydeleg vore med på brettedugnad før.

Den store brettedugnaden er overstått. No skal invitasjonane ligga i ei postkasse nær deg.


Jane Brit Sande


Vel nærar det seg juletid og alt som følgjer med, men ein gjeng på Sørlandet har nedteljing til noko heilt anna enn julefred og julemat. Sørlandssamlinga går av stabelen for 37. gong, den 8.-9. januar 2016, og arena er Quality hotell Sørlandsparken i Kristiansand.
Samlinga vart i si tid starta av Norsvin, no arrangert av Norsvin med vener: Nortura, Felleskjøpet Rogaland Agder, Tine, Norsk Landbruksrådgjeving, Geno, og Norges Bondelag v/Agderkontoret.
– I dag går heile dagen med til pakking i konvoluttar. Alle som søker produksjonstilskot i Aust- og Vest-Agder får invitasjon i posten: 1.800 totalt, fortel Harald Støyl, FKRA.
På Stoa i Arendal er komiteen samla. Samlebandet går sin gang, og det blir utveksla historier som nok ikkje egnar seg på trykk. Innimellom er det noko anspent. Fylkesmennene i Aust- og Vest-Agder sponsar konvoluttar og porto, men ikkje returporto. Derfor er det kritisk for komiteen at færrast mogleg av invitasjonane kjem i retur.
– Nokon som veit om dei har fått gateadressar i Kvinesdal?
Kristin Skranefjell Eikeland, Nortura, tar oppgåva si grav alvorleg. Adressene må vere riktige. Nokre stader er gateadresser på plass, og andre stader ventar dei fortsatt. Komiteen har fått adressene frå Brønnøysundregisteret. Om nokon saknar invitasjonen sin, kan det vere grunnen, altså.

To dagar med fag og moro

Som vanleg, er Sørlandssamlinga delt inn i to programdeler. Første dag er programmet fylt med det komiteen omtalar som «det generelle». Harald Volden, Tine Rådgjeving, skal snakke om korleis grovfôravlinga kan aukast. Tore Haukom, landbruksdirektør i Agder, kjem med ny statistikk som viser utnytting av areal i Agder. Harald Gjein, adm. direktør i Mattilsynet, skal snakke om kvifor god dyrehelse er viktig for god folkehelse, og mykje meir.
Mot slutten av kvelden er det ei eiga samling for unge bønder. Tema er: Kva kan me få til, ut i frå kva man har av ressursar.
– Dag to er «det spesielle», med parallelle fagseminar, forklarar Jon Leif Eikaas, Norsvin.
Og laurdagen kan potensielt bli travel. Dagen startar klokka 09.00, og fram til lunsj er det fire til fem fagseminar om svin, mjølk, storfe, sau, fjørfe, grønt, og økonomi.
Påmelding er innan måndag 21. desember.

Stikkord denne saka: