ROBOTSEMINAR PÅ JÆREN:

bv42_aktuelt3

Emma Rudberg, rådgjevar frå svenske LFR Konsult.

Stadig fleire mjølkeprodusentar investerer i mjølkerobot. I 2012 sytte mjølkerobotane for mjølkinga på 28 prosent av mjølkebruka.

Sjur Håland

– Robotdelen aukar og vil prege utviklinga i mjølkeproduksjonen framover, sa Ingve Dubland frå Tine då han ønskte 150 mjølkebønder velkomne til dagseminar på Voll på Jæren sist veke. I tillegg til eigne krefter, hadde Tine henta inn kompetanse frå både Sverige og Danmark.

Uviktig farge

– Fargen på mjølkeroboten, og val av type ku-trafikk, er ikkje avgjerande for å lukkast med mjølkerobot, sa Emma Rudberg, rådgjevar frå svenske LFR Konsult. Ho presenterte resultatet frå ei grundig undersøking hjå 6 svenske mjølkeprodusentar. – Fem av seks seier vidare at nøkkeltala frå roboten ikkje er så viktige. Å kunne halde topp dyrevelferd og god funksjonalitet, er viktigare.

– God ku-trafikk betyr mellom anna ro i fjøset. Mange kyr skal liggje og tygge drøv, medan enkelte står og et samstundes med at det er kyr som står ved mjølkeroboten, erfarte dei svenske mjølkeprodusentane. – Tenk på dette og vurder kva du ser i eige fjøs, tilrådde Rudberg. – Du må ha ei god kjensle når du er i fjøset – ta gjerne ein observasjonsrunde minst 4 gonger kvar dag.

Balansert fôring:

– Fôrplanlegging treng ikkje vere vitenskap, understreka Emma Rud- berg. Dei svenske mjølkeprodusentane i undersøkinga gjorde det enkelt med god kontroll på fôrlageret frå dei ulike slåttane. Så vart fôranalysane nytta, slik at bøndene var medvitne på kva fôret på fôrbrettet inneheldt. På den måten vart det mogleg med balansert fôring. – Balansert fôring med rette tilhøva mellom energi/ protein og fiber er utruleg viktig for å lukkast med god dyrevelferd og løn- sam produksjon i besetningar med mjølkerobot, understreka Rudberg.

Råd frå Emma Rudberg:

− Har du funne eit opplegg som fungerer bra i di besetning bør du følgje det, og ikkje søkje endringar heile tida.

− Dyreflyten er avgjerande viktig, særleg når roboten sviv opp mot maks kapasitet. Ha merksemda rette mot kva som kan endrast på både dyr og teknikk for å utnytte kapasiteten.

− Syt for å ha produksjonsmål og jobb med aktivitetslistene.

− Ha gode rutinar på jamleg kalibre- ring av mjølkeroboten.

− Skriv kva som skal gjerast – og kven som har ansvaret. For eksempel at brunsten skal sjekkast kvar dag etter frukost.

bv42_aktuelt2 bv42_aktuelt1

 

Ein av tre norskproduserte mjølkelitrar har passert ein mjølkerobot. Lely og DeLaval dominerer marknaden. – Merke og farge er ikkje viktig. Men skal du satse på mjølkerobot må du vere interessert i ku, understreka fleire innleiarar på Tine sitt robotseminar på Voll.