Stor påmelding: Agrisjå tar i år eit langt byks fram og blir den største utandørs fagmessa for landbruket her til lands. – Det vart overraskande hektisk for oss, seier dagleg leiar Ole T. Hofstad. Han meiner å ha alt under kontroll til opninga i august. Foto: Agrisjå.

Bøndene er invitert til dans i Stjørdal. 25. august opnar det som ser ut til å bli tidenes Agrisjå-messe, tre dagar til endes.

Jane Brit Sande

– Det har nærast vore ville tilstander når det gjeld påmelding, noko me tolkar dit at det er stor optimisme blant leverandørane her til lands, seier dagleg leiar Ole T. Hofstad, og legg til at fleire firma frå Rogaland vil vere representert på arrangementet.

Klare for innrykk

Agrisjå inngår i det såkalla messetriangelet saman med Agroteknikk i Lillestrøm og Agrovisjon i Stavanger, som har etablert seg som ein messeaktør som samlar dei viktigaste leverandørane til landbruket. Hofstad håpar rogalandsbøndene følgjer etter, og reiser nordover siste helga i august. Han lokkar med messetilbod for alle og ein kvar.
– På Agrisjå kjem det bønder frå heile landet, men det er ikkje til å legge skjul på at det for tida går rykte om stor kjøpelyst blant dei midtnorske bøndene, seier han.
På messa vil rogalandsbøndene kjenna igjen Aase Landbruk, Ole G Nord-Varhaug & Co, Underhaug, Rogaland Industri og Landbruk, Veshovda Salg, RL teknikk, Fjøsteknikk, Smartbow Norge, Europro, Godkalven, Helland Mekaniske, HT-gjerde, Agromiljø, Glad Q og Malthus Byggutstyr.

I-mek og husdyr

Hofstad fortel at Agrisjå først og fremst er ei fagmesse for landbruket med vekt på landbruksteknikk og moderne husdyrproduksjon, og er difor glad for å sjå at den store veksten blant dei påmelde kjem innan landbruksmaskin. Innslaget av profesjonell husdyrproduksjon blir løfta, blant anna med store utstillingar innan kjøtfe, og i tillegg livdyrauksjonar. Limmo 2017 blir lagt til Agrisjå, det same gjeld ein større utstilling innan charolais.

Sjølvsagt show

Men fag er sjølvsagt ikkje det einaste Agrisjå har å by på. Messa lokkar også med eksoslukt og motordur.
– Litt eksos må det sjølvsagt vere, og med nytt og større messeområde fekk me endeleg plass til oppvisning i traktorpulling, fortel Hofstad.
Det blir også motorsagoppvisningar, ranchsorting, trickskyting og sauegjeting med hund. Årets politiske duell kjem til å stå mellom Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum og Fremskrittspartiets Per Sandberg. Tema vil vere generell distriktspolitikk.

Helgepass og camping

Denne gong tar Agrisjå meir omsyn til dei som ynskjer å vere i messeområdet heile helga. Helgepass er innført, og det er lagt til rette med campingtilbod for langveisfarande.
– Bønder frå heile landet kjem til Agrisjå. Det er viktig at me har tilbod i den samanhengen, avsluttar dagleg leiar Ole T. Hofstad.

Stikkord denne saka: