Me er blitt gjort merksame på at fleire av våre abonnentar saknar BV50/52 – 2016, julenummeret av Bondevennen. Diverre veit me ikkje kva som er gått galt i prosessen. Fleire har etterlyst bladet, og fått det ettersendt frå oss. Problemet no er at me ikkje har fleire eksemplar av bladet liggande, og difor legg me no ut bladet til digital nedlasting for alle. Me vonar de vil setje pris på forsinka førjulskos.

Me beklagar på det sterkaste til dei berørte abonnentane! Du laster ned bladet ved å trykke på biletet under.