bv36_aktuelt

POSITIVE. Talspersonane for dei 29 bøndene ved Orrevatnet, Kjell Harald Horpestad t. v.
og Trond Kristian Refve, vonar HLB- prosjektet vil vera med på å få den konfliktfylte
verneprosessen kring svarthalespoven inn på eit meir produktivt spor. Foto: Christel
Bachmann, HLB.

Rektor ved HLB, Dag Jørund Lønning, vil ha konfliktløysande meiningsbryting på grasrotnivå. Det er bøndene gjerne med på.

Svarthalespoven har skapt konflikt på Jæren. Fuglen har spesialisert seg på å hekka i intensivt driven eng. Bøndene kjenner seg overkjørt og prisgitt styresmaktene, som vil legge til rette for at fuglen skal få hekke der graset gror. Det betyr mindre avling og meir frustrasjon.
– Konflikten kring svarthalespoven er klassisk. Vi må lære, og vi må våge å angripe slike saker på ein meir utradisjonell måte, seier Dag Jørund Lønning. Han vil samle partane, og i staden for konflikt, vil han starte med det alle er samde om.

– Jæren er mangfaldig. Vi har kultur- og naturinteresser saman med areal til matproduksjon. Det er behov for å auke matproduksjonen. I tillegg bur det stadig fleire folk på Jæren,
noko som betyr at Jæren har eit stort arealbehov til bustadføremål.

Dag Jørund Lønning vil starte diskusjonen om framtidas arealutfordringar med å kartlegge dei felles verdiane som interessepartane deler. Så vil han ta diskusjonen vidare derifrå.
– Det blir ei slags mobilisering kring verdiane – og ein prosess der dei einskilde personane og partane gjer verdiane til sine eigne, forklarer han. I høve konflikten med svarthalespoven, har HLB starta eit forskingsprosjekt saman med interessepartane i fuglekonflikten. – Vi har ei målsetjing om å få til ein verneprosess som inkluderer dei råka bøndene, lokalsamfunnet og representantane for styresmaktene. 29 bønder har sagt seg viljuge til å prøve om denne samtalebaserte framgangsmåten kan vere ein farbar veg for å få ei løysing som alle, også svarthalespoven, kan leve med.

Intensivt landbruk og kultur-/naturvern:

  • 2 årig prosjekt leia av HLB, Høgskulen landbruk og bygdeutvikling

Mål:

  • Utvikle ein modell for effektive miljø- og kulturverntiltak i landbruksområde basert på samtale og samarbeid mellom partane.
  • Inkluderer 29 bønder og representantar for landbruk og miljø hjå Fylkesmannen i Rogaland.
  • Medverknad frå Rogaland landbrukspark gjennom Bioforsk og Norsk Landbruksrådgiving.