Ein av fjorårets juleteikningar. Sendt inn av 13 år gamle Kjartan Røynstrand Kolås frå Kristiansand.

Ein av fjorårets juleteikningar. Sendt inn av 13 år gamle Kjartan Røynstrand Kolås frå Kristiansand.

Kalenderen viser desember, og for unge kunstnarspirer betyr det ein ting: Det er tid for å spissa fargeblyantane, finne fram dei beste teiknearka, og setta kreativiteten i høggir. No ventar side5-redaksjonen i Bondevennen på årets juleteikningar. Eit utval av teikningane vil kome på trykk i Bondevennen sitt julenummer, alle teikningane vil bli lagt ut på nett.
Me har tidlegare hatt eit tema for juleteikningane, og det vil me prøve i år òg. Du står sjølvsagt fritt til å la kreativiteten og fantasien gjere sitt, men om du treng ei lita peikeretning er årets tema: Jul i gardstunet.
Som dei siste åra, får alle som sender inn juleteikning ei lita premie frå oss. Pass på at namn og adresse er tydeleg skrive på baksida av teikninga. Skriv gjerne òg kor gammal du er.
Teikningane kan sendast på to måtar. Det gode, gamle postvesenet står klar for å frakta din konvolutt med frimerke på. Skriv følgjande adresse på konvolutten: Bondevennen, Postboks 208 sentrum, 4001 Stavanger. Du kan òg skanna kunstverket, og senda på e-post til post@bondevennen.no
Frist for å senda inn teikningar er onsdag 7. desember.