(F.v.) Magnus Ånestad, leiar i Varhaug bondelag, Olav Magne Tonstad, avtroppande jordbrukssjef i Hå, Åsbjørn Høyland, leiar i Nærbø Bondelag og Knut Åge Gjerstad, leiar i Søre Hå Bondelag. Bondelagsleiarane kom på overraskande besøk til jordbrukssjefen for å takke for innsatsen.

(F.v.) Magnus Ånestad, leiar i Varhaug bondelag, Olav Magne Tonstad, avtroppande jordbrukssjef i Hå, Åsbjørn Høyland, leiar i Nærbø Bondelag og Knut Åge Gjerstad, leiar i Søre Hå Bondelag. Bondelagsleiarane kom på overraskande besøk til jordbrukssjefen for å takke for innsatsen.

I 16 år har han vore jordbrukssjef i Hå. Fredag hadde Olav Magne Tonstad sin siste dag på jobben.

Jofrid Åsland

Utanfor rådhuset i Hå står tre av landbrukets leiarar. Dei har med seg ei diger kake og ein fyldig blomsterkvast. Bondehøvdingane vil takke jordbrukssjefen for innsatsen. Dei snik seg opp trappa til eit møterom, og får ein medsamansvoren på landbrukskontoret til å hente Olav Magne Tonstad.

– Me vil overraske han, og takke for gode løysingar, men han har nok lukta lunta. Han er ingen ”tosk”, seier Knut Åge Gjerstad, leiar i Søre Hå Bondelag.

Det blei bestemd på årsmøta til dei lokale bondelaga at den avtroppande jordbrukssjefen må heidrast. Døra går opp, og inn kjem han. Han smiler og tek i mot handtrykk. På bordet står ei kake stor nok til ein liten hær, og kaffi sjølvsagt.

Olav Magne Tonstad

Olav Magne Tonstad mottar blomar av Knut Åge Gjerstad, leiar
i Søre Hå Bondelag.

Søkte eit aktivt landbruk

1. november 2015 var det nøyaktig 16 år sidan Olav Magne Tonstad var fersk jordbrukssjef i Hå. Han var jordbrukssjef i Eigersund og Sokndal, og søkte seg til Hå for nye utfordringar og eit aktivt landbruk.
– Tida har gått utruleg fort, summerer han.

Les heile portrettet med Olav Magne Tonstad  i Bondevennen nummer 45.

Olav Magne Tonstad

Ei diger kake som takk for innsatsen frå bøndene i Hå.