Heile sauegjengen samla. Frå venstre: Tor Espen Helle, Siv Madsen, Egil Åmlid, Tove Hilde Åmlid, Stein Føreland Straume og Hilde Marie Straume. Foto: Liv Tone Åmlid

Heile sauegjengen samla. Frå venstre: Tor Espen Helle, Siv Madsen, Egil Åmlid, Tove Hilde Åmlid, Stein Føreland Straume og Hilde Marie Straume.
Foto: Liv Tone Åmlid


Tre nabofjøs får si offisielle opning i august.

Jane Brit Sande

Laurdag den 27. august inviteras alle som vil koma, til opning av tre sauefjøs på Helle i Valle kommune, Aust-Agder.
– Midt i hjartet av Setesdal, fortel Jorunn Synnøve Uppstad, leiar i Valle sau og geit, på telefon. Tor Espen Helle, Egil Åmlid og Stein Føreland Straume har totalt meir enn 1.000 sauer i dei nye fjøsa.
– Alle som vil koma, er hjarteleg velkomne, seier Uppstad.

Marknadsdag

Det er ikkje berre fjøsopning som står på tapetet. Arrangørane inviterer til marknadsdag på Helle. Fleire aktørar vil vere tilstade med stand, det blir speedklipping av sau, og bøndene inviterer skodelystne inn i fjøsa, og tar dei med på ein rundtur. Tre fjøs med forskjellige løysningar innomhus. Allereie klokka 10 kan dei mest ivrige kome sigande til fjøsa, to på Helle og eit på Straume. Det er ordna båttransport over elva, frå Helle til Straume.
På programmet finn me gjetarhundoppvisning med NM-deltakar og gjetarhundinstruktør Linn Kristin Flaten i spissen, speedklipping av sau, og den offisielle opningstalen blir halde av Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Smaken av Setesdal stiller med mat til dei svoltne.

Oversiktsbilete over Straume og Helle bilete 12

Oversiktsbilete over den vakre Setesdalen. Bilete er teke frå Straumsfjøddet, til venstre sjåast Straume og til høgre sjåast Helle. Foto: Stein Føreland Straume