Skal kursa sauebønder: Rogaland Sau og Geit syter for at alle sauehaldarar i fylket får tilbod om kurs i e-læringsprogrammet. – Me er klare til å hjelpa bøndene, seier fylkesleiar Kjell Åge Torsen. Foto: Privat

I Rogaland Sau og Geit har dei tatt tak for å syte for at sauebønder står saman om dyrevelferd og smittevern.

Jane Brit Sande

eDå kalenderen bikka 2020, trådde kompetansekravet i den nye dyrehelseforskrifta i kraft. Kompetansekravet inneberer at ein kan dokumentera «oppdatert kunnskap om dyrehelse». 

– I mars i fjor inviterte Fylkesmannen i Rogaland til dialog om varsla kompetansekrav frå Mattilsynet. I dette møtet kom me fram til at Rogaland Sau og Geit skulle ta grep for å få alle småfeprodusentar til å etterleve krava, seier Kjell Åge Torsen, leiar i Rogaland Sau og Geit (RSG).

Fylkeslaget har difor laga eit opplegg for opplæring av lokallagsstyra i e-læringsprogrammet til Animalia, med mål om at dei sidan kan halde eigne kurs i lokalmiljøet. Fylkesmannen har gitt økonomisk støtte til prosjektet. RSG har arrangert to samlingar for lokallagsstyra. Tone Yvonne Sundhagen, fagsjef kurs og opplæring i Animalia, var også med på samlingane.

– Sundhagen gjekk gjennom kvart minste steg i kurset, frå innlogging til godkjent kursbevis. No er lokallagsstyra klare for å hjelpa andre bønder, seier Torsen.

E-læringskurset til Animalia er av to moglege kurs ein kan gjennomføra for å få oppfylt krava. NLR har eit tilsvarande kurstilbod for småfehald som også er godkjend av Mattilsynet. 

Alle sauehaldarar blir invitert

Vidare skal lokallagsstyra hjelpe sauehaldarar i eigne kommunar.

– Fylkesmannen sender ut informasjon om samarbeidet til landbrukskontora i kommunane. Så skal dei sende ut informasjon om opplæringa til alle sauehaldarar i kommunen. På den måten når me også fram til dei som ikkje er medlemmer, seier Torsen.

Fylkesleiaren oppmodar alle til å ta kurset, uansett utdanning.

– Dette kurset er meir enn berre eit kurs. Her er det også veterinærar som beskriv forskjellige scenario og sjukdommar, seier Torsen. Han meiner også at kurset er eit godt høve til fagleg oppdatering.

– Gjekk ein agronomen på 1980- eller -90-talet er det mykje som har endra seg, blant anna endringar i regelverket. Styret i RSG ønsker sterkt at agronomane er med, seier Torsen.

RSG tar med dette kurset eit overordna ansvar for næringa.

– Me vil ha med alle, uavhengig av medlemsskap. Me er klar til å hjelpa bøndene. Men dei må fullføre sjølve, sjølvsagt, seier Torsen.

Stalltips

Kurset kostar 1000 kroner i eingongsavgift, og det er berre naudsynt med eitt kurs per gard.

– Det betyr at det er den som har hovudansvaret for å stelle sauene, som skal fullføre kurset. Så har han eller ho plikt til å informere avløysarar og andre involverte om stoda. Men det beste er sjølvsagt om også dei er med på kurset, seier Torsen.

Kurset tar kring ein time å fullføra. I andre enden har ein også ein godkjent smittevernplan, som er eit krav frå Mattilsynet og i KSL. Torsen seier at det i kurset er tre-fire korte filmar med informasjon.

– Desse bør ein sjå. Der får ein svara på nokon av dei neste spørsmåla, avslører han.

Gjennomslag på årsmøtet

I ei uttaling til årsmøtet i Norsk Sau og Geit, presiserte RSG alvoret med god dyrevelferd og eit godt smittevern. Uttalinga fekk full støtte frå årsmøtet.

– Landbruket tar dyrevelferd, smittevern og dyrehelse på alvor. Dette er det viktigaste me formidlar til forbrukarane no, seier Torsen.

– Med dette opplæringsopplegget som me i RSG har utarbeida, ligg me eit hestehovud framføre dei andre fylka. Fleire har sagt dei vil gjennomføre same opplegg i sine fylke, seier Torsen.

Stikkord denne saka: , ,