Fleire i år?: Agrovisjon 2019 trakk 16 000 skodelystne gjester frå fjern og nær. Kan årets messe trekke fleire? Messa er fullbooka. Utstillarane er klare. Velkomne til Stavanger Forum! Arkivfoto, Agrovisjon 2019.

– Agrovisjon er ein møtestad for det proffe landbruket, seier Olav Røysland, leiar av hovudkomiteen til den store landbruksmessa. Men skuleungdom er spesielt velkomne!

Jane Brit Sande

Agrovisjon går av stabelen i Stavanger Forum 4.-6. november. Arrangørane gler seg.

– Det er så utruleg gildt. Messa er fullbooka, trass i den urolege tida me er i, både nasjonalt og internasjonalt. Det er eit teikn på optimisme, og syner at bedriftene er offensive, seier Siri Rasmussen Lea.

Bonden frå Hå på Jæren er med i hovudkomiteen, saman med Olav Røysland, som er komitéleiar.

Vise fram yrkesmoglegheitene

Agrovisjon satsar på dei unge på årets messe, og tilbyr gratis inngang for skuleelevar. Utdanningsinstitusjonane er invitert til å ha stand.

– Me har også eit opplegg med utstillarane på messa der dei har ein presentasjon av yrkesmoglegheitene i deira bedrift. Målet er å opplysa ungdommane om mangfaldet innan landbruket, og vere med i kampen om arbeidskrafta, seier Røysland.

Rogaland Bygdeungdomslag er også spesielt invitert til den store landbruksmessa.

– Dei skal ha ein stor stand med masse aktivitet, og på laurdagskvelden inviterer dei til konsert. På programmet står tv-kjendis og cowboy Arvid Mæland, Goggen og duoen Hagle, seier Røysland.

Agrovisjon er ein møtestad for det proffe landbruket. Viss du vil sjå kva som er nytt, er denne messa rett arena.

Olav Røysland

Sjå kva som er nytt

Utstillarane vel sjølve kva dei vil visa fram på landbruksmessa. Ein kan venta mange nyheiter, skal me tru arrangørane.

– Me kårar «Årets nyheit» i tre klassar: Traktor og maskin, i-mek, og open klasse, seier Røysland.

Han er ikkje i tvil om kvifor messa er verdt eit besøk, sjølv om ein lar lommeboka ligge heime.

– Agrovisjon er ein møtestad for det proffe landbruket. Viss du vil sjå kva som er nytt, er denne messa rett arena, slår han fast.

Appellerer til dei minste

– Messa blir arrangert midt i Stavanger. Kva gjer de for å engasjera publikummarar som ikkje er tilknytt landbruket?

– Me appellerer til dei minste, med mange kjekke aktivitetar i eit eige område, seier Røysland.

– Me har kjøpt inn meir enn 40 trøtraktorar – frå ulike leverandørar, sjølvsagt, og det vil også vere underhaldning.

Trøtraktorane blir ikkje parkert etter messa, seier Rasmussen Lea.

– Det vil vere to boksar der ungane kan legge lappar. På den eine kan dei skrive sitt eige namn, på den andre kan dei skrive namnet på ein barnehage. Trøtraktorane blir lodda ut på søndag, seier ho.

Jærsk farse står på menyen – sjølvsagt.

Siri Rasmussen Lea

Populær bondepub

I år, som tidlegare, byr fredagskvelden på Bondepub (aldersgrense 18 år) på Hotel Energy.

– På Bondepub plar det vere mykje folk og høg allsong- og dansefaktor. Ute i foajeen er det plass til mykje god drøs. Noko for ein kvar, altså, seier Rasmussen Lea.

God og lokal pubmat blir det òg.

– Jærsk farse står på menyen – sjølvsagt, seier Rasmussen Lea.

Ladies Club Agrovisjon gjer stas på damene med «Ladies club» i Skybaren på Olav Thonhotellet laurdag.

– Dette skal vere ein arena for låge skuldrar, drøs og inspirasjon. Og det vil vere fleire kvinnebedrifter med stand, klare for å inspirera deg, seier Rasmussen Lea, og avslører nokon av dei:

– Hilde Grøtte er kvinna bak instagramsuksessen @eteute. Ho vil inspirera til turliv og god mat på bålet. Galleri Amare vil vere på plass med kunst frå Bjørg Thorhallsdottir. I tillegg skal Veronica Simoné Fjeld, best kjend som Yummymummy, få oss til å kjenne på lattermusklane, seier Rasmussen Lea.

Velkomstboblene er norskproduserte, frå Hardanger.

– Ingrid Larssen Sekse, som er kvinna bak garden og bedrifta Hardangerbonden, har kalla sideren opp etter seg sjølv. Den heiter «Bonden», seier Rasmussen Lea.

– Kvifor ein eigen arena for kvinnene på Agrovisjon?

– Landbruket er framleis mannen sin arena, og kjem nok alltid til å vere det. Dette er ein arena der me kan utveksla erfaringar og kunnskap, utan at me først må bevisa at me verkeleg kan, seier Rasmussen Lea.

Kvinnenettverk er ikkje noko nytt, understrekar Rasmussen Lea og Røysland.

– I andre næringar, bedrifter, politiske parti, og så vidare, er dette heilt vanleg. Det er ingen grunn til at me ikkje også skal legge opp til det i landbruket, seier Røysland.

Stor stas

Agrovisjon blir runda av med bankett, med treretters middag, underhaldning og prisutdelingar.

– Jan Zahl og Leif Tore Lindø skal lose oss gjennom kvelden. Me er glade for at me har klart å få med Britt-Synnøve Johansen, som i september gav ut eit heilt nytt album, Mørk Salong, til å stikka innom bankettmiddagen for å gje den eit ekstra musikalsk løft, seier Rasmussen Lea.

For meir informasjon om program, billettar, og transport; sjekk www.agrovisjon.no