HØYR!

Slepp ut lufta

Me må gjera det me kan for å redusere skadane i jorda.

Lågt lufttrykk i dekka på jordet, er det så nøye då? Ja, det er nøye, seier Gunstein Dyrdal, rådgivar maskinteknikk og presisjonslandbruk i NLR Vest.

Sjur Håland

– Marginane blir mindre. Bøndene blir meir bevisste og tek i bruk kunnskapane om lufttrykk og jordpakking i praksis. Om mange tradisjonelt ikkje har vore så nøye med å køyra med rett lufttrykk, vil eg seia at mange også har blitt flinkare, seier Dyrdal, diplomatisk.

Våronna er i gang. Husdyrgjødsel blir spreidd og åker og eng blir pløgd og gjort i stand for den nye vekstsesongen. Vekta frå tunge reiskap blir overført til hjula som rullar over jorda som skal yra av liv og drenera vatn der frø skal spira og planter veksa.

– Det er også slik at til betre traktoren flyt med rett lufttrykk over jordet til lågare er drivstoff-forbruket. Maskinar og reiskap har blitt større og tyngre. Me må gjera det me kan for å redusere skadane i jorda.

Det er ikkje noko unormalt i å tenkja at lågt lufttrykk og jordpakking særleg gjeld under fuktige tilhøve.

– Fukt har mykje å seia for potensielle skadar på jorda, men eg vil seia at du bør gjera det som er praktisk gjennomførbart med redusert lufttrykk uansett tilhøve for å redusera pakkinga til eit minimum.

Han seier at mange bønder har svært gode dekk på traktorane sine som gjerne ikkje blir fullt utnytta.

– Som teknikar er eg oppteken av at me utnyttar det me har, om me ikkje plent skaffar oss siste nytt heile tida.

Sjekk kva trykk du kan køyra med i dekktabellane som i dag ligg på appar. I utgangspunktet handlar det om å køyra med så lågt lufttrykk som praktisk mogleg.

– Med strek under praktisk. Køyrer du til og frå jordet på veg, må du kompromissa og finne det mest hensiktsmessige lufttrykket.

Dyrdal slår eit slag for enkelt tilgjengeleg utstyr for justering av dekktrykket.

– Det finst for eksempel enkle automatiske luftpåfyllerar der du koplar til dekket og stiller inn ønska lufttrykk. Du slepp å stå og halda knappen inne, og kan gå frå traktoren og gjera andre ting medan automatikken ordnar resten.

Det optimale er automatiske system som byrjar å koma på marknaden. Her kan du justere lufttrykket i dekka automatisk frå traktorsetet. Å køyra med rett lufttrykk handlar ikkje berre om traktoren. Også hjula på reiskapen pakkar jorda. Store tilhengarar som blir brukt saman med sjølvgåande snittarar, er eit døme på reiskap som kan pakka jorda mykje.

– Mange er bekymra for snittaren, men tilhengaren kan vera vel så skadeleg.

Stikkord denne saka: