– Lammetåka legg seg tjukk og kvit over bondes liv, gjerne i god blanding med både vårvinne og kalving.

Her kan du lese lammetåketankar.

 

Eit lam får mat med sonde av bonde.

Eit lam får mat med sonde av bonde.

 

LYDEN AV KLAUVER som grev, ei vassbløre som brest og spe breking frå eit ferskt liv. Høyreapparatet er finjustert og reagerer raskt på desse lydane. Det er ofte snakk om sekund mellom liv og død. Slimhinna vernar om lammet i søyas mage, men drep på utsida. Som sauebonde til nesten 60 sauer vil eg helst vere i sauehuset mest mogleg under lamminga, noko som kan gå kraftig utover evna til å hugse daglegdagse ting. I ein jamn dur av tåteflasker, sonder, fostervatn, råmjølk, mjølkeerstatning, tuttebøtter, termometer, veging og øyremerker forsvinn timane like fort som ein augneblink.

SØVNMANGEL ER EIN KJEND torturmetode, og ein kvar som har prøvd seg med få timar på auga veit at det er sant. Eg er verken erfaren eller storbonde. Denne våren er det andre året ansvaret for vårens vakraste eventyr er mitt på garden vår. Eit ansvar eg tek med det største alvor. Lister, lappar og meldingar er til god hjelp når søvnmangelen sett inn etter netter og dagar med nye liv som sprett ut i alle retningar og fasongar. I ein tre vekers periode vert mykje anna sett på vent, slik at eg kan vere jordmor og lammepleiar.

HELDIGVIS HAR EG ein grei sjef, som let meg vere heime i sauehuset. Noko han sikkert gjer lurt i, med tanke på alt eg har gløymd i denne tida. Eg skulle mellom anna hente ein hest hjå ein kjenning, men oppdaga då eg køyrde inn i gardsrommet at eg ikkje hadde med hestehengaren. At eldstejenta skulle i barneselskap til naboen hadde heller ikkje festa seg i minnet. Då eg nyleg hadde gløymd å ta med sko til minstejenta, tenkte eg at det er godt eventyret går mot snipp, snapp og snute. Vakkert er det, men det skal bli godt når alle sauer er ute. Min overordna veit nok at han ikkje går glipp av mykje hjernekapasitet i desse dagar.

TILSTANDEN KAN OPPSUMMERAST med eit ord; lammetåka. Tjukk og kvit legg den seg over bondens liv, gjerne i god blanding med både vårvinne og kalving. Byfolket forstår nok ikkje så mykje av dette, og rister på hovudet når me sovnar i både konfirmasjonsfest og kyrkjebenk. – Dei bøndene er så trøtte, seier dei berre. Rett har dei. Me slit og strevar, slik at eventyret skal få ein lukkeleg slutt. Når ein haug med søyer vil lamme på ein gong, og maskinane sviktar midt i vinna. Då kan me vere freista til å spørje oss; er det verd det? Ver ikkje redd. Graset og lamma veks i takt, og synet av kvite dottar som sprett over grøne bakkar kan frelse den mest urbane blant oss. Om eit år må eg nok spørje fint igjen; om eg kan få fri til lammetåka?

Jofrid