I Bondevennen nr 14 får du lesa om Vigdis og Arnfinn Horpestad som driv gard med mjølkeproduksjon og produksjon av kjøt frå ammekyr, på Refsnes i Hå, i Rogaland. Dei overtok garden i 2009 frå Arnfinn sine foreldre.
Liv Kristin Sola
Vigdis og Arnfinn arbeider begge på garden. Vigdis er for tida tilsett i Time kommune. Etter påske tar ho til i ny jobb som miljøterapeut ved Lye ungdomsskule i 52 prosent stilling. Dei har borna Kornelius (9), Arthur (5), Halvor (3,5) og Karen (1,5). Mjølkekvoten er på 400.000 liter. Fjøset vart bygd ut med liggebåsavdeling og robot i 2005. I 2012 bygde Vigdis og Arnfinn kombinert ammekufjøs og reiskapshus på 1800 m3.
Bileta viser litt av ammekufjøset og nokre av dei kreative løysingane i fjøset til Vigdis og Arnfinn. Enkelt og smart, dei er tilhengarar av gjenbruk. Både gammal innreiing til gris og gamle baderomsveggar er tekna i bruk.

Kjølesløyfe kobla til vannsløyfa som forsyner drikkekara i fjøset med vatn. Kaldt vatn gjennom spiralen kjøler ned kalvemjølka til mjølkefôringsautomaten.

Oversikt over ammekuavdelinga i nybygget. Tre ulike kraftfôrtankar, med Formel Biff i to og Formel Favør i den siste. Ein heimesnekra kasse til oppbevaring eller transport av mindre mengdar kraftfôr.

Kalveavdelinga i ammekufjøset. Her kan kalvane få ekstra oppfølging og god fôring med kraftfôr og høy.

Dei gamle baderomsveggene fungerer fint som ei trakt til fôring av høy frå låven og ned til kalvane.