Endeleg: Ordførar Sigmund Rolfsen var ikkje vond å be då Sunniva og Jan Ove Hole inviterte han til å klippe snora – med ein slaktarkniv for anledninga. Endeleg er Hole gardsutsalg offisielt opna.

Hole Gardsutsalg har vore i drift sidan i vår, men pandemien har sett ein stoppar for den store opningsfesten. På søndag var det endeleg dags for å klippe snora.

Jane Brit Sande

Sunniva og Jan Ove Hole helste velkommen i gardstunet på Voll i Klepp. Dei baud på pølser, kotelettar og Holeburgarar frå grillen, kaffi og vaflar, og is produsert på eigen mjølk i frysedisken. Kundar, naboar, familie og vener kom valfartande til gards for å få med seg festen. Bygde om garasjen Sunniva og Jan Ove bygde om garasjen då dei ville satsa på eit utsal i gardstunet.

– Sidan me ikkje har sett opp eit nytt bygg til butikken, har me kome relativt billeg i gong, seier Jan Ove. Butikken er sjølvbetjent, og open kvar dag frå kl. 7-22.

– Dette fungerer ganske greitt, seier Sunniva.

Populær: Mjølkeautomaten kom på plass i sommar, og har blitt godt besøkt av kundane. Sunniva demonstrerer korleis den fungerer.

Populær mjølkeautomat

I sommar kom mjølkeautomaten endeleg på plass.

– Det kjem folk og tappar mjølk i butikken kvar dag, seier Jan Ove, medan Sunniva demonstrerer korleis automaten fungerer.

Glasflaska blir fylt med fersk, nypasteurisert mjølk på eit lite minutt. Mjølka kostar 25 kroner literen.

– Automaten og pastøren er ei investering på kring 400 000 kroner. Det var ein høg investeringskostnad i forhold til utsalsprisen på mjølka. Men automaten er veldig populær, seier Jan Ove.

Eigne og lokale produkt

Kjøle- og frysediskar i butikken er fylt til randen med varer. Sunniva og Jan Ove har ulike produkt av storfe som er frå eigne dyr. Burgaren, Holeburgeren, er dei ekstra stolte av. I samarbeid med Egersund Chokoladefabrik produserer dei is av mjølka frå eigne kyr.

– Me nytta Facebook til å få idear om smakar på isen, og det engasjerte verkeleg. Me fekk utruleg mange innspel, seier Sunnvia.

I butikken har dei også andre lokalt produserte varer. Lokale grønsaksprodusentar, gardsysteri, og andre produsentar av lokale kjøtvarer har fått hylleplass.

– Det skjer utruleg mykje spanande her i regionen. Når me handlar av kvarandre på denne måten, drar me lasset saman, seier Jan Ove.