«Mi har det greit»: Også under Sørlandssamlinga 2019 vil den høgthengande «Mi har det greit»-prisen delast ut. På samlinga i januar 2018 var det Monica og Knut Olimstad som fekk tildelt denne prisen. Arkivfoto.

Talet på deltakarar til Sørlandssamlinga stig år for år. Det er inga førtiårskrise å spore når arrangementet går av stabelen rett over nyttår.

Jane Brit Sande

Det som opphavleg starta som ei regionssamling for svineprodusentar i 1979, har blitt til ei fagleg samling for alle bønder i Agder. Når Sørlandssamlinga går av stabelen 11.-12. januar 2019, er det for 40. gong.

– I år var det over 300 påmelde. Me håpar og trur det blir minst like mange i 2019. Hotellet blir fullt, det er førstemann til mølla, seier Jon Leif Eikaas.

Eikaas er styreleiar for Sørlandssamlinga, og leiar i programkomiteen.

– Programmet er ferdig spikra, og påmeldinga kan starta, seier han.

Påmeldingsfristen er 18. desember. Sørlandssamlinga blir som vanleg arrangert på Scandic Sørlandet i Kristiansand.

Todelt program

Samlinga går over to dagar. Bøndene samlar seg fredag til felles program. Programmet ber preg av at jubilanten skal feirast. Både Norsvin, Tine, Nortura og FKRA skal seie noko om kva Sørlandssamlinga har å seie for dei respektive organisasjonane. Hilde Øverby frå McDonalds held innlegg om krav og bruk av norske råvarer, og Henning Aarekol, kjent frå årets sesong av 71 grader nord, skal halde årets motivasjonsføredrag. Dårleg vêr og avlingar dei to siste åra, vil ikkje bli gjennomgangsmelodi på Sørlandssamlinga, skal me tru Eikaas.

Gler seg: Jon Leif Eikaas gler seg til Sørlands-samlinga 2019, og vonar det blir ny påmeldingsrekord.

– Me skal sjå framover, og vere positive. Me kan ikkje grave oss ned i det som har vore, og som me ikkje kan gjere noko med, seier han.

Laurdag er det dags for fagseminar. Det er lagt opp til parallelle foredrag, tilpassa dei ulike produksjonane.

Unge bønder

Unge bønder og bondespirer under 35 år, får ein stor del av deltalaravgifta sponsa av Fylkesmannen.

– I fjor var dei mellom 60 og 70 unge bønder samla her. Det er så flott, seier Eikaas.

Dei unge møtes for å bli litt kjende fredag kveld. Elles følger dei programmet slik det passar dei.

Festmiddag og prisutdeling

Fredagskvelden er det festmiddag med underhaldning, og utdeling av den viktige «Mi har det greitt»-prisen. Prisen har tidlegare blitt delt ut til både lokale bønder andre personar som spelar ei viktig rolle for sørlandslandbruket. Meir verken kan, eller vil, Eikaas seie på spørsmål om moglege kandidatar.

– Det er ein hemmeleg komité som bestemmer kven som skal få denne prisen. Den heng høgt her på Sørlandet, seier han.

Share This